Teater

Fosse-premiere som ikkje gløder

Korkje musikk eller regi lever heilt opp til forventingane i Jon Fosses Asle og Alida.

Hovudrollene som Alida og Asle blir spelte av Louise McClelland Jacobsen og Wiktor Sundqvist.
Publisert Sist oppdatert

Medan Bent Sørensen berre har komponert éin opera før, er Jon Fosse blitt ein røynd librettoskrivar. Men det viktigaste er at dei talar «same språk», og det gav dette nordiske «meistermøtet» tydeleg prov på.

Ja, det verka som om den mangfaldige og svært produktive dansken somme tider er for lojal mot teksten til Fosse og ikkje heilt ville setje sitt eige stempel på alle delar av sluttproduktet. Litt motstand skal teksten tole, men det som var av motstand i denne musikken, kom uventa nok i form av «det vakre» – mot ei forteljing som ofte er mørk og dyster, og slik ikkje harmonerte heilt. Opningstonane, før sceneteppet gjekk opp, bar bod om noko anna.

Tre kortromanar

Å servere opera på nynorsk er ikkje daglegdags. Då er det dristig å setje ein danske, sopranen Louise McClelland Jacobsen, i rolla som Alida og ein svenske, tenoren Wiktor Sundqvist, i rolla som Asle. Sjølv om dei sleit litt med dei nynorske diftongane, blei eg positivt overraska over det dei presterte. Berre innimellom var det tydeleg at nynorsk ikkje er deira språk.

Kan valet av desse to ha samanheng med at framsyninga er produsert i samarbeid med Det Kongelige Teater i København, som skal spele Asle og Alida i mai–juni? Det er i så fall ei dårleg grunngjeving. Som kjent er ikkje nynorsk eit internasjonalt operaspråk.

Med dei tre kortromanane Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd vann Jon Fosse Nordisk råds litteraturpris i 2015. Den første romanen fortel historia om korleis det unge kjærastparet, ho høggravid, går fortvila kring i Bjørgvin for å finne husrom, og korleis Asle «løyser» problema deira på brutalt vis. Dette er juleevangeliet snudd opp ned. Dei to andre binda skildrar Asles lagnad og til slutt korleis det går med Alida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement