Svartkvitt mareritt
Agnieszka Holland viser rettmessig raseri i grufullt og godt grensedrama.
Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.
Foto: Another World Entertainment
Drama
Regi: Agnieszka Holland
Green Border (Orig.tit.: Zielona granica)
Med: Jalal Altawil, Maja Ostaszewska, Behi Djanati Atai, Tomasz Wlosok
Kinofilm
Hugsar du oktober 2021? Den grøne grensa i Green Border er skogen mellom Belarus og Polen. Der spelte ein skammeleg tragedie seg ut. Eit slags spel. Folk på sitt mest sårbare blir kasta over piggtrådgjerda mellom landa. Bokstaveleg tala, altså. Vi møter ein syrisk familie og ei afghansk kvinne som drøymer om eit liv i tryggleik, vekk frå IS og Taliban.
Sidan følgjer vi òg ei polsk grensevakt og aktivistar som hjelper dei som risikerer livet i skogen. Flukt krev reglar. Ein må ha batteri på mobilen. Ein må ha gode sko. Ein må helst halde seg tørr. Men ingenting slikt tel viss Festung Europa ikkje respekterer eigne lover eller asylinstituttet.
Harme
Den polske regissøren Agnieszka Holland har røynsle frå seriar som The Wire og House of Cards. Hennar Jaktsesong var ei fin filmatisering av Før din plog over de dødes knokler av nobelprisvinnar Olga Tokarczuk. Den sorte jord skildra hungersnauda i Ukraina i trettiåra.
Med Green Border skrik ringreven i sinne. Hektisk stil med rå rørsler skapar klaustrofobisk stemning. Utan at filmen er like stram i stilen, fer ein tanke til Sauls sønn, ein av dei beste filmane om holocaust.
Eg stussar først over valet av svartkvitt, men kanskje Holland vil at vi skal trekke nett dei parallellane. Menneskesynet er til å kjenne att. Aktivismen er motstandskamp. Vi ser sadistiske soldatar på båe sider av grensa. Ho sparar ikkje på noko.
EU er ein dårleg vits. Andrzej Duda er ei skam. Men ikkje alle er vonde. Den polske grensevakta som ventar på å bli far, er i klem mellom medkjensle og machomiljø. Polen er polarisert. Karakterane høyrer på ulike radiokanalar. Dei har ulike verdssyn. Slik er Europa no.
Refleksjon
Holland held opp ein spegel. Kor mykje meir respekt har EU-landa for menneskerettane enn diktaturet Belarus når dei blir pressa? Som Frankrike og Storbritannia bryt den polske staten eigne lover og folkeretten viss folk kjem flyktande med feil hudfarge. Nokre flyktningar er likare enn andre flyktningar. At nestekjærleik ofte er kriminelt i dei rike europeiske landa, er ikkje noko nytt. Her nord sit vi helst stille i båten, som Pontius Pilatus.
«Kva hjelper det at vi fortel noko for kamera», spør ein syrar i filmen når dei fortvilte freistar å nå media. «Alt er fortalt i ti år utan at noko skjedde». Det kan synast som Holland viser uro for sin eigen film gjennom orda hans.
Kjem nokon til å bry seg? Krafta i filmen er noko eg må tru på. Eg ser usunt mange dokumentarfilmar om brot på menneskerettar kvart år. Denne fiksjonsfilmen knekte meg meir enn dei fleste. Eg grein. Eg var eldsint. Eg har lese nok og sett nok til å vite at dette skjedde. Og det skjer framleis. Gå på kino. Skrik med Agnieszka Holland!
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.
Foto: Another World Entertainment
Svartkvitt mareritt
Agnieszka Holland viser rettmessig raseri i grufullt og godt grensedrama.
Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.
Foto: Sean Murphy / AP / NTB
Ein uunnverleg alliert
Kva blir att av Ukraina dersom våpenleveransane frå USA stoggar?
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.