Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Drama
Regi: Léa Todorov
Maria Montessori (Orig.tit.: La nouvelle femme)
Med: Leïla Bekhti, Jasmine Trinca, Rafaëlle Sonneville-Caby, Raffaele Esposito
Kinofilm
Lili (Bekhti) er ei showkvinne som nyt det gode liv i Paris i år 1900 då dottera Tina (Sonneville-Caby) dukkar opp. Den vetle jenta er annleis. Difor tar Lili ho med til Roma. Der finst det ein plass for borna folk kallar «evneveike», «idiotar» og «svaksinna».
Men sjølvaste Maria Montessori (Trinca) ser ikkje slik på dei. Med kollegaen og kjærasten Giuseppe Montesano (Esposito) har ho som mål å endre alt. Ikkje berre korleis ein tek seg av «raringane», men all form for undervisning. Slikt sit langt inne hjå Lili.
Kvinner og born
Verdssynet og omveltingane Montessori stod for, var vilt verdifulle. Det er lett å stemme i. Både born og kvinner fortener betre. Maria Montessori handlar nemleg like mykje om kvinnesak som om pedagogikk.
Tittelfiguren var den fyrste kvinna som var lækjar i Italia. Ho hadde mot og drivkraft. Både Jasmine Trinca i tittelrolla og Leïla Bekhti i det som òg er ei hovudrolle, er stjerner som ber rollene sine lett innanfor rammene av eit konvensjonelt drama.
Innpakninga, konfliktane og motstandarane er kjende. Mellom skildringa av det utsvevande livet i Paris og fokuset på morsinstinkt hos både Maria og Lili verkar filmen nesten konservativ medan han hyllar kvinner som vil frigjere seg frå gamle strukturar i streit stil.
Pedagogikk 101
Maria Montessori passar godt inn i debattar om skulen i dag. Takk skal dei ha for å få fram verdien av kunstformer og fridom i undervisninga. Ei scene er i sanning fin. Ungane slår seg laus på kvart sitt vis til tonane av pianoet til Lili. Dei får skine i ei rekkje klipp som skil seg ut frå resten av filmen.
Nett då er musikken òg meir fantasirik, i kontrast til den konvensjonelle klimpringa elles. Foto er fint, utan krumspring. Kulissar og kostyme er pertentlege. Gatene i Roma ser ut slik ein reknar med at dei gjer i eit vanleg kostymedrama med litt solid budsjett.
Filmen er nærast blotta for nye estetiske tankar på eigne vegner. Det er nesten utruleg at så mange historiske drama om folk som evna å tenke heilt nytt, sit så grundig fast i gamle former for film. Det er vanleg. Léa Todorov har laga ein uoriginal film om ei høgst original kvinne.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Trailer: Maria Montesorri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»