Bøker

For den ufødde

Vidar Sundstøl skriv lysande vakkert om det mørke.

Vidar Sundstøl har vakse opp i Drangedal i Telemark og debuterte som forfattar i 2005.
Publisert Sist oppdatert

Ved Bøelva, som renn, nær sagt som ein blå sjøorm, frå Seljordsvatnet til Norsjø, og som av somme vert kalla Gvarvelva, får ein mann ein kort augneblink sjå spegelbiletet av ein isfugl på ein lys flekk på den elles mørke vassflata. Reint automatisk vender han seg til einkvan og spør om denne andre såg det. Men det er ingen andre der. 

Den han kommuniserer med, kom aldri til verda. Han, om det no var ein han, slik mannen ved elva trur, vart spontanabortert i ei doskål for førti år sidan. Men den celleklumpen som enda så sørgjeleg, har likevel vorte til ein person for mannen, år etter år med tankar kring det som kunne ha vore, lag på lag med dikting og drøyming kring sorga, har gjort mannen, som nok er tett på Vidar Sundstøl sjølv, lik elvemuslingane i Bøelva, perlemuslingane som er mellom dei mange fenomen han tenkjer på just der ved elva. Og om sorga ikkje nett vart kapsla inn av perlemor, har perlefar Sundstøl laga ei skinande og lysande perle av det som var mørkt og vondt.

Som prosadikt

Mellom dei mange tankane han gjer seg ved vatnet, og som han syner fram i stutte kapittel som kvar for seg tidt er reine og klåre prosadikt, slik at ein heile tida har lyst til å sitera, er fleire om ein liten, krokrygga mann som ein gong drukna der. Han var ein bygdeoriginal som gjekk med ei øks som stav, som kunne reparera kjelar og paraplyar, og som hadde eit umåteleg lager av eventyr i hovudet, slik at han vart ein god informant for Moltke Moe.

Portrettet av denne mannen minte meg av ein eller annan grunn om bilethoggaren Katharina Saltnes frå Lindås, og om boka Asbjørn Åsgard skreiv om ho, med tittel frå eit dikt av Nordahl Rolfsen: For de uberømte. Eventyrforteljaren, som trass i uheldige føresetnader var godt likt, får ein særskild plass hjå Sundstøl, som trur at mannen ramla i vatnet på grunn av ein bagatell, som at han fekk eit rusk i auga, og dette rusket hamnar i ein musling og vert sjølv til ei perle. Diktaren fornektar seg ikkje!

Anten no mannen som kontemplerer ved Bøelva, er Sundstøl eller ikkje, er han ein mann med eit vidt tidsperspektiv, små ambisjonar og sviktande tru på seg sjølv, men han står også fram som eit fredfullt menneske som ikkje vert uroa ved tanken på at alt som er skal kverva, og at jorda, trass i alle tiltak og direktiv, ein dag vil sjå ut som månen. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement