Bøker
Tunge tak
Martin Tilrem har gode tilløp, men treffer ikkje heilt planken.
Romandebutant Martin Tilrem er frå Nannestad og studerer i Edinburgh.
Foto: Agnete Brun
Martin Tilrem er ein ung mann frå Nannestad, født i 2000. Han har studert historie ved NTNU og arbeider for tida med ein mastergrad i Edinburgh. Samtidig debuterer han med den historiske romanen Et jentebarn, der hovudhandlinga er lagd til 1814, mens tidsramma strekker seg bakover til 1796.
Lesaren blir tatt med til det isolerte, forfalne og gjengrodde småbruket Rakne i Ullensaker som Johan Broch har arva etter ein onkel. Kona Ingrid får tvillingar den første vinteren dei bur på Rakne, ein gut og ei jente, men armod og svolt gjer at dei kvittar seg med jentebarnet og grev henne ned på ein haug like ved garden.
Foreldra ser det som Guds vilje. At dei unngår folkesnakket og styresmaktene, verkar merkeleg i og med at enka på nabogarden bidrog under fødselen.
Krigsteneste
Guten Aslak veks til og er 18 år i 1814. Mot foreldra sin vilje melder han seg til krigsteneste når konflikten med Sverige strammar seg til. Han blir send til Kongsvinger festning, får våpenopplæring med og utan bajonett og blir innskriven i Akershusiske skarpskytterregiment, første nasjonale bataljon, Ullensakerske kompani.
Krigen mot Sverige varer frå 26. juli til 14. august sommaren 1814 med trefningar i grenseområda frå Kongsvinger og ned til Halden og Fredrikstad. Aslak og sambygdingane Mattis og Frans Låke (18 og 16 år) er med i slaget ved Lier skanse, ved Matrand og ved Skotterud.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.