Bøker

Lealause tankesprang til ettertanke

Kva er eit tre som står åleine? Er det ein ufullstendig skog? Slik kan ein undre seg når ein les den nye novellesamlinga til Odd W. Surén.
 

Odd W. Surén er romanforfattar, novellist, bokmeldar og humorist.
Publisert Sist oppdatert

Det er forresten berre litt av det ein kan undre seg på, for denne boka er ganske gåtefull. Ikkje berre er kvar einskild av forteljingane fulle av lause trådar, men også samanhengen mellom novellene er laus.

Ein gjer lurt i å gå til denne boka med nyfikne steg. Om ein ventar ei kronologisk og logisk rekkefylgje, blir ein berre sur. Men om ein opnar seg for dei mange krumspringa han tek, kan ein få vera med på tankevekkjande fabuleringar og jamvel burleske og morosame tanketurar.

Opningsnovella «Rockall» er av dei tankevekkjande. Ho tek oss med på innsida av hovudet til eit lite barn – det byrjar når det er så lite at det enno ikkje har språk. Det er eit grep som fascinerer meg.

Surén skriv som om han veit kva som rører seg i dette barnet. Er det mogleg? Er det nokon vits? Ja, eg lèt meg røre av desse smått absurde fabuleringane og av dei lausrivne minna om slikt som skjer i dei første barneåra. Vi skjønar at dette er ein «han» som utviklar seg til ein kjenslevar gut, ein som skal koma til å kjenne på utanforskap, og bakgrunnen for det blir vi innvigde i mot slutten av boka.

Gåtefull raring

Men også i forteljingane og talane som ligg imellom, er det ein litt gåtefull raring som fortel. I «Bundesrepublik Deutschland» finn vi ein kar som vøler taket sitt. Men det skal ikkje handle så mykje om taktetting som om forholdet han hadde til kona si, som no er død. Han er i sorg på eit vis, men det syner seg når han fortel meir om samlivet deira, at det ikkje var så godt. Samtalane mellom dei blei ofte som krigføring. Det hende ho gret og kraup opp i fanget hans. «Han spurde henne aldri kvifor ho gret», står det. Smak litt på den.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement