Musikk
Avslappa eleganse
Trygve Fiske kan kunsten å setja saman ensemble.
Trygve Fiske har med seg fem musikarar på det nye albumet sitt.
Foto: Eskil Bjerkestrand
Sekstetten som ensemblestorleik har ein lang og stolt tradisjon i jazzen. Besetninga har gjerne vore trompet, to saksofonar og pianotrio. I The Jazztet erstatta Art Farmer og Benny Golson den eine saksofonen med trombone. Same grep gjorde Herbie Hancock med sekstetten han etablerte tidleg på 1970-talet.
Trygve Fiske har teke eit endå meir originalt grep, den eine blåsaren er erstatta av Morten Quenild på synth og elektronikk, og dette gjev ensemblet ein heilt spesiell karakter. Fiske brukar dette effektivt i den skrivne delen av arrangementa, men like viktig er interaksjonen Oscar Grönberg og Quenild har utvikla undervegs i samarbeidet.
Musikken står såleis med ein fot i den akustiske 1960- og 70-talstradisjonen og den andre i ei tidleg syttitalsfusionbølgje der eg tykkjer påverknaden frå radarparet Joe Zawinul og Wayne Shorter er tydelegast. Trass i den historiske forankringa står musikken solid på eigne bein, tradisjonsrik og frisk, sær og lett attkjenneleg på same tid.
Musikken skiftar heile tida. Fiske har sans for bråe vendingar og leikar seg med heile klangpaletten der temposkifta kjem tidt og ofte. Opningssporet «Five Against You!» og «Østerdalsgata 1» er framifrå døme på det sistnemnde.
Fiske skal også ha ros for å gje taum til ensemblemedlemene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.