Musikk
Inga sjel å miste
Det er først når du føler sjela står på spel, at du verkeleg spelar soul.
Mor Annie og døtrene Deborah og Anjessica Caldwell i ein unik augneblink: Dei er faktisk heilt stille. Ikkje så mykje som ei antydning til lovsong.
Pressefoto
I West Point, nordaust i Mississippi – heimstaden til blueslegenda Howlin’ Wolf – bur familien Caldwell: to foreldre og fem ganske vaksne born. Til dagleg har dei «vanlege» jobbar – lærar, frisør, gaffeltrucksjåfør og klesbutikkgründer for kvinner som treng pynt til kyrkjesamlingar.
Sidan 1980-talet har dei òg vore familiebandet Annie & the Caldwells. Det vert sagt at mor Annie var redd for at borna skulle hamne i trøbbel då dei oppdaga djevelens musikk: blues. Sjela til den oppveksande slekta stod på spel.
Komisk som det enn kan høyrast ut, samla dei seg som familieband i soul – verkeleg reindyrka soul av den gospelprega sorten. I fleire tiår har dei spelt i kyrkjer rundt om i heimstaten, laga demoar for eit lokalt plateselskap, utan at det skjedde særleg mykje.
Ikkje før David Byrne fekk høyre dei.
Byrne er mest kjend som vokalist og gitarist i kunstrockgruppa Talking Heads, med ei heilt særmerkt drivkraft for å oppdage og spreie musikk.
På 80-talet samla han tropicália – brasiliansk popmusikk – på kassettar han delte med venene sine. Best som det var, ønskte Warner Brothers å gje dette ut, og Luaka Bop vart fødd. Eit plateselskap utan annan visjon enn å spreie god musikk ein kanskje elles ville ha gått glipp av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.