Musikk

Intellektuell dansemusikk

Marie Davidson leverer ein dansbar og bitande polemikk mot sosiopsykologisk politikk.
 

Publisert Sist oppdatert

Marie Davidson er frå Montreal i Quebec i Canada, og ho er kjend frå minimal/ cold wave-duoen Essaie Pas («Ikkje prøv»). I likskap med Working Class Woman frå 2018 er City Of Clowns eit bitande oppgjer med sosiopolitiske realitetar.

Plata opnar med songen «Validations Weight», der ei googlemaskinstemme framfører ein parafrase av ein passasje frå boka Overvåkingskapitalismens tidsalder frå 2018, der den amerikanske filosofen Shoshana Zuboff omtalar det epistemiske kuppet – overtakinga av «kunnskapen», jamfør «fake news» og tilpassa innhald – som har gått føre seg sidan starten av tusenåret, over svevande syntetiske science fiction-fanfarar og brunstige tubaliknande basstrommestøytar.

Så, med «Demolition», ber det ned på landjorda. Det er berre å marsjere i trampetakt til dei klaskande maskintrommene og Davidsons slåstespelliknande akk og brøl. Utvinning, utlevering, fordømming og nedriving, seier ho, og så blir songen med eitt til ein fengjande Talking Heads-liknande duett. Davidsons særeigne spoken word-stil held fram: «Eg er ikkje interessert i kontantane dine, eg vil berre ha dataa dine. Data, baby!»

Lydbiletet er dystopisk og opprivande, musikk av slaget som røskar tilhøyraren opp av stolsetet og ut på dansegolvet, der vi menneske høyrer heime. Vi gløymer det visst, men songen «Y.A.A.M» minner oss på det. Bitande sarkasme er gjennomgåande her: «We can break you down then you’ll show us how to self-help» gjer det pinleg klart at vi er del av eit uforståande maskinelt psykologistudium.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement