Musikk

Heksefeitt album

Aya lagar elektronisk musikk med sjel og shakespearianske vendingar.
 

Publisert Sist oppdatert

Aya Sinclair, kjent som aya, er ein musikar og produsent frå Huddersfield i England. Ho har dukka opp på scener på både den eine og den andre festivalen eg har snubla innom dei siste åra. Ho blir omtala som ein av dei viktigaste artistane vi har om dagen. hexed! er den andre fullengdaren hennar.

Debutalbumet im hole krinsa om det såkalla «k-holet» (eller: «nøkkelholet») ein kan tumle ned i ved bruk av den psykoaktive substansen ketamin.

Aya har rett nok blitt nykter etter ferdigstillinga av denne nye plata, men i og med at Elon Musk, til dømes, hevdar å få ketaminen han sjølvadministrerer med ukjent frekvens, utskriven frå ein «ekte lege», ikkje ein liksom-lege, er hesteanestesimisbruk ikkje dess mindre på den dagsaktuelle sida. Og på hexed! utforskar aya altså emnet vidare.

Dette er elektronisk musikk tufta på «fysisk modellering», ei form for sonisk syntetisering som krev menneskeleg teft og sjel.

Ein kan formeleg høyre nissar og dvergar hogge i Minecraft-liknande berg med presist emulert lyd av preparert piano og gitarstrenger på tittelsporet.

Orkar vert fødde frå gigantiske horn i fredsæl Björk-aktig polyrytmisk transedans på «droplets».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement