Musikk

Variert Wesseltoft

Bugge Wesseltoft serverer smågodt i alle fargar og smakar.

Bugge Wesseltoft har invitert musikarar i ulike aldrar og sjangrar på det nye albumet.
Publisert Sist oppdatert

Bugge Wesseltoft byr på seg sjølv i små porsjonar og små konstellasjonar. I tillegg til solonummeret som opnar plata, serverer han seks ensemble der fem er trioar og ein låt er i samspel med Elias Tafjord på trommer. Trass i det kammermusikalske utgangspunktet er musikken variert på fleire vis. Dette er ikkje overraskande. Wesseltoft har aldri late seg setja i bås.

Uttrykket endrar seg heile tida, men Wesseltofts musikalske grep om det heile er tråden som går gjennom produksjonen, sterk og klar. Det er mest noko wallenbergsk over den styrande handa til Wesseltoft – Esse, non videri (verka, ikkje synast). Det er tydeleg i dei to triospora med Hovensjø og Christensen.

For ti år sidan samla han den legendariske duoen etter mange år, og det meste av tida gjekk med til røyk, kaffi og mimring om gamle dagar, med Wesseltoft som tilhøyrar, men i studioet er det ikkje tvil om kven som er regissøren. Wesseltoft får det beste ut av det gamle tandemet. Dei to låtane «Render» og «Vender» er tvillaust eit par av høgdepunkta på plata.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement