Teater

Kampen mot traumet

Ei sterk framsyning som hadde tent på å ha ei anna form.

Kirsti Refseth er åleine på scena i dramatiseringa av romanen til Kathrine Nedrejord.
Publisert

Nok ei dramatisering av ein roman. Nok ei forenkling av ei komplisert historie. Men mykje blir berga av framifrå spel av Kirsti Refseth i ei framsyning som kanskje ikkje skulle hatt form av ein monolog.

Kathrine Nedrejords sjølvbiografiske roman om valdtekt, jakta på overgriparen og rettssaka – eit livsendrande traume – er ei bok med mest indre handling og refleksjon. I romanen og stykket kjempar hovudpersonen først med seg sjølv – fortelje eller teie? Men gradvis innser ho at den skammelege historia hennar må ut. 

Først er det fortvilinga som kjem til uttrykk, etter kvart blir det desperasjon – ikkje minst i møte med «Systemet» som skal hjelpe henne, men som stundom får henne til å lure på om valdtekta faktisk har skjedd eller berre er ein feberfantasi.

På den sterkt innsnevra, lett klaustrofobiske Scene 2 går denne kvinna kvilelaust fram og tilbake og skildrar opplevinga si, gir uttrykk for frykta og raseriet ho kjenner på, og reflekterer over korleis dette traumet har endra henne som menneske. 

På si eiga sørtrønderske dialekt spelar Kirsti Refseth nyansert fram vekslande stadium i reaksjonane og erkjenningane til kvinna, der tidvis bruk av mikrofon og skrivinga av «VALDTATT» i store bokstavar på veggen snarare svekkjer enn styrkjer krafta i historia og står fram som heilt unødvendige regipåfunn. 

Forbrytar og straff er ei sterk framsyning, men det står ikkje til å nekte at mykje går tapt når ein roman på nesten 300 sider blir kokt ned til ein monolog på 80 minutt. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement