Film
Kom, kom, Spermageddon!
Unnskyld, alle unge, for at eg likar denne filmen som så ikkje er meint for meg.
Den nerdete Star Wars-entusiasten Jens (Christian Mikkelsen) møter Lisa (Nasrin KhusrawiI) med sædcellene Simen (Aksel Hennie) og Cumilla (Mathilde Storm) i pungen.
Foto: SF Norge
Animasjon
Regi: Tommy Wirkola og Rasmus A. Sivertsen
Stemmer: Aksel
Hennie, Mathilde Thomine Storm, Christian Mikkelsen, Nasrin Khusrawi
Kinofilm
Tenåringsguten Jens skal på hyttetur med kompisar, og kven dukkar opp om ikkje Lisa som han trefte sist sommar? Dette lovar godt, også for det travle livet i pungen hans. Sædcellene Simen og Cumilla gjer seg klare for sitt livs konkurranse – kven når fyrst fram til ei ekte eggcelle?
Her er det alle mot alle, inkludert slemmingen Jizzmo og Olsæd-banden. Klar, ferdig, kom!
Blandinga
Tommy Wirkola, agent provocateur sidan 2007, då debutfilmen Kill Buljo utruleg nok hadde kinopremiere til særs blanda kritikarmottaking. Og sånn har det i grunnen fortsett, men med høgare budsjett, proffare produksjon, og både ein og to føter i retning Hollywood, sist med julesplatterfilmen Violent Night (2022). Men kåte tenåringar og sædceller blei for mykje for USA-amerikanarane, og Wirkola vende blikket heim igjen.
Medregissør Rasmus A. Sivertsen står for familiefilmsuksessar som Dyrene i Hakkebakkeskogen (2016) og dei nye Flåklypa-filmane, alle skapte i animasjonsstudioselskapet Qvisten, der også Spermageddon vart unnfanga. Til alt overmål har dei teke sikte på å blanda inn musikalnummer, der særleg tittellåta med akkurat passeleg fæle Jizzmo verkeleg rockar.
Spermageddon er grunnleggjande søt!
Brit Aksnes
Rølpete Wirkola, barnevenlege Sivertsen og litt pungmusikal frå komponist Christian Wibe – ein herleg cocktail, ordspel tilsikta. Og slike ordspel må du ha høg toleranse for om du har tenkt å sjå Spermageddon. Her går dei på Knulliversitetet, spelar «Cum of Duty» og er cumeratar med kvarandre. Nivået er lågt, som side ballar. Ja ja mensen, som dei seier!
Klokka sex
Ikkje la deg lura av underskriftskampanjar og forarga moralistar som garantert ikkje har sett filmen: Spermageddon er grunnleggande søt! Jens og Lisa er heilt normale tenåringar, dei har sett på porno (for lengst!), og det kan by på utfordringar å overføra urealistisk skjermsex til hud og hår for dagens unge. Måten det er løyst på her, er så uskuldig, rett og slett – dei tøysar, gjer litt feil, gjer litt rett, men snakkar om det, som gjensidige, respektfulle partnarar.
Og premissen for historia er altså at eit par tilsvarande søte sædceller i pungen til Jens skal koma seg gjennom alskens hindringar for å koma fyrst til eggcella til Lise – det er klart det må kulminera i befruktning, endå dei har brukt alt av prevensjon! Og kva gjer ein ungdom som heller vil vera russ enn forelder? Det burde ikkje vera så sjokkerande: Ho kan jo ta abort.
Avmystifisering av sex for unge kjennest som mangelvare, akkurat av denne sorten som hyllar det frie samfunnet me lever i, og som ikkje skal tvinga formaningar inn i kvar einaste ledige filmrute. Spermageddon er langt meir enn ein tenåringsgrovis med billige poeng, sjølv om filmen er det òg – me skal vera overlukkelege for kvar einaste ungdom som ser denne.
Brit Aksnes er skribent, programskapar,
kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.