Kunst
Lukt på kunsten
Lukt er eit gløymt og lite omtala aspekt ved utstillinga til Jannik Abel på Kunstnernes Hus.
Jannik Abel: Installasjon i ein av overlyssalane på Kunstnernes Hus. Alt som er brukt i utstillinga, er sanka i skogen og forma med sag, kniv og øks.
Foto: Tor Simen Ulstein / Kunstdok.
Kunstnernes Hus i hovudstaden viser no Back to the Land av Jannik Abel. Verka i den eine salen er enkelt fortalt stokkar, røter og pinnar i ulike storleikar, i himmelaspirerande stillingar eller meir sedate på golvet. Nokre heng også frå taket, som om dei flyg.
Kunstnaren har laga dei fleste objekta som stigar, som i eit dødsritual som hjelper sjela opp til himmelen, ifølgje utstillingsteksten. Dette kjennest ikkje så relevant i dei moderne norske og samiske kulturane, der religion ikkje lenger har ein framståande plass.
Sjå og røre
Ungane som er til stades, frydar seg og rører ved gjenstandane medan dei ser prøvande på dei vaksne. Jau, det er lov. Den enkle stigekonstruksjonen på stokkane, med grovhogde steg, er særs interessant.
Nokre dagar før vitja eg ei skogfinsk røykbadstove, nokre månader før var eg i Ghana, og begge stadene har stigar som var identiske med Abel sine, ført opp til øvste badstovebenk og opp på låge hustak.
I den andre hovudsalen ligg hundre, kan hende fleire, treklumpar på golvet. Dei fleste avbarka, nokre grove, nokre finare omarbeidde, nokre med hol, med ulike nyansar, omtrent på storleik med bowlingballar. Kan hende fordi eg er i sluttfasen med å byggje ny badstove heime, med dufta av ubehandla treverk bokstaveleg tala i friskt minne, fekk eg impulsen til å lukte på klumpane. Og dei dufta! Lik ein hund som lykkeleg og nyfiken snusar på møtande hundar, plukka eg opp gjenstandane for å ta dei inn med meir enn synet og hendene, og kvar av dei dufta ulikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.