Ein mangslungen veg
Tom Roger Aadland er ein av landets aller mest solide låtskrivarar.
Tom Roger Aadland kan sjå tilbake på 20 år som artist.
Foto: Birte Magnussen
Rock
Tom Roger Aadland:
Lysvandring
Embacle Records
«Vegen min har aldri vore ein», heiter det i «Alt eg treng», det første sporet på Lysvandring, Tom Roger Aadlands ellevte album. Lyttaren skjønar fort at den som fortel, er ein vandrar, og at vegen aldri har «vore bein». Slikt vert det forteljingar av. Eg lèt meg rive med av den lågmælte skildringa av ei livsvandring som tilhøyrer ein trubadur eller ein ordsmed – ein som «stundom har svinga pennen som eit sverd». Tilbakeblikket munnar ut i takksemd: «Alt eg treng, det er meg gjeve fritt.»
Godt handverk
«Alt eg treng» kunne ha vore henta frå ei av desse songbøkene mange av oss har støytt på i våre eigne livsvandringar, der alt som har fått plass mellom permane, lèt til å ha eksistert i uminnelege tider. Men denne songen er altså heilt ny, skriven av det ein må kunne kalle ein veteran – ein av dei fremste låtskrivarane i landet.
Kvaliteten på handverket vil neppe overraske dei som alt kjenner Aadland som ein framifrå tekstforfattar, ikkje berre på sine eigne plater, men for band som Hellbillies og Vamp – og fleire lesarar av denne avisa vil også kjenne han som ein prominent attdiktar av Bob Dylan. Dette er kvalitetar som kjem særleg godt med på utgjevinga denne hausten, der røysta og orda verkeleg får stå i sentrum, i eit nake og nært uttrykk.
Lysvandring er produsert av Kjetil Steensnæs, som har spelt gitar på alle Aadlands plater sidan 2011. Det var også Steensnæs som fekk ideen til konseptet denne gongen: Han har fleire gonger erfart at det første møtet med nye låtskisser frå Aadlands hand utgjer sterke lytteopplevingar, i demo-opptak der mannen er åleine med gitaren. Kanskje ville andre som ikkje har høyrt Aadland på denne måten, tenkje det same?
Det gjer i alle fall denne lyttaren. Her er det ingenting å gøyme seg bak, men det gjer ingenting når songane er så sterke som dei er på Lysvandring, som med konsentrert, dempa intensitet rett og slett er Tom Roger Aadland på sitt beste.
Det finst vel ein og annan lyttar som vil sakne band, arrangement og utsmykking av ulike slag, når gitaren og røysta får klare seg åleine i ni strake songar etter kvarandre. Aadland og Steensnæs har likevel teke godt vare på variasjonen innanfor desse rammene, både ved at gitarspelet skiftar, og ved at tempoet endrar seg i tråd med ulike sjangerorienteringar. Lysvandring vert aldri monoton.
Melankoli
Med tredjesporet «Reint bord» opnar til dømes uttrykket seg idet Aadland får ein tolvstrengsgitar mellom hendene og går i gang med å skildre eit parforhold som er slutt. Det er triste greier, men ikkje berre, for låtskrivaren har eit godt auge for korleis ein utruleg sårbar situasjon også kan romme sin eigen komikk.
Parforholdet står sentralt i fleire spor på Lysvandring, som i den mildt elektrifiserte «Boka om oss», og i tittelsporet, ein elegant, novellistisk montasje som også er ein aldri så liten hommage til Bergen som mytisk bakteppe.
Melankolien har ein viktig plass på dette albumet, men det rommar likevel langt meir – det beste, men ikkje einaste, dømet må vere den avsluttande, nesten ni minutt lange «Salmer unda palmer», ein forrykande finale som peikar i retning av noko nytt i det Aadlandske låtuniverset. Ein straum av bilete blandar seg, bibelhistoriske og frå vår eiga tid, med suggestive koplingar på kryss og tvers – politiske så vel som emosjonelle – i ein komposisjon som manglar sidestykke i det norske låtlandskapet av i dag.
I haust kan Tom Roger Aadland sjå tilbake på tjue år som artist og leggje ut på ein landsdekkjande turné – med eit av sine beste album som ferskvare i bagasjen.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Lysvandring
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?