Nake og ærleg
Studiolyden er tilnærma perfekt.
Tord Gustavsen, Jarle Vespestad og Steinar Raknes.
Foto: Sam Harfouche / ECM Records
Jazz
Tord Gustavsen Trio:
Seeing
Tord Gustavsen, piano og elektronikk; Steinar Raknes, bass; Jarle Vespestad, trommer.
ECM
Tord Gustavsen har over mange år utvikla eit uttrykk, spesielt i triosamanheng, som er lett attkjenneleg. (Dette er den tiande plata til Gustavsen på ECM.) Den monumentale klaverklangen med den enkle, ofte gospelinspirerte ornamentikken og med ein spesiell kjærleik til det nedre registeret i flygelet står seg glimrande til dei meir rytmisk distinkte medmusikantane, bassist Steinar Raknes og trommeslagar Jarle Vespestad. Er det snakk om motsetnadene som tiltrekkjer kvarandre, eller like born leikar best?
Seeing er reinska for lange utforskande improvisasjonar. I staden vender trioen all merksemd mot melodien med samspelet og dei små improviserte detaljane i arrangementa som ein berebjelke i uttrykket. Gustavsen har alltid hatt eit nært tilhøve til religiøs musikk, og på denne plata er fire av ti låtar salmetonar. Dei seks andre er komponerte av Gustavsen. Musikken er heile vegen ettertenksam, nærast meditativ med eit djupt alvor. Det oppstemte tippar aldri over i musikalsk humor eller ironi. Gustavsen er konsekvent på så mange vis.
Plata er spelt inn i Studios La Buisonne i Sør-Frankrike i oktober i fjor. Flygel- og kontrabassklangen i dei kontrapunktiske sekvensane er strålande attgjevne. Det same er den klanglege rikdomen i trommesettet til Vespestad. 21 år etter debuten på ECM står Tord Gustavsen Trio fram med eit nake og ærleg uttrykk som krev konsentrasjon, men likevel er lett å lika.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Tord Gustavsen Trio:
Seeing
Tord Gustavsen, piano og elektronikk; Steinar Raknes, bass; Jarle Vespestad, trommer.
ECM
Tord Gustavsen har over mange år utvikla eit uttrykk, spesielt i triosamanheng, som er lett attkjenneleg. (Dette er den tiande plata til Gustavsen på ECM.) Den monumentale klaverklangen med den enkle, ofte gospelinspirerte ornamentikken og med ein spesiell kjærleik til det nedre registeret i flygelet står seg glimrande til dei meir rytmisk distinkte medmusikantane, bassist Steinar Raknes og trommeslagar Jarle Vespestad. Er det snakk om motsetnadene som tiltrekkjer kvarandre, eller like born leikar best?
Seeing er reinska for lange utforskande improvisasjonar. I staden vender trioen all merksemd mot melodien med samspelet og dei små improviserte detaljane i arrangementa som ein berebjelke i uttrykket. Gustavsen har alltid hatt eit nært tilhøve til religiøs musikk, og på denne plata er fire av ti låtar salmetonar. Dei seks andre er komponerte av Gustavsen. Musikken er heile vegen ettertenksam, nærast meditativ med eit djupt alvor. Det oppstemte tippar aldri over i musikalsk humor eller ironi. Gustavsen er konsekvent på så mange vis.
Plata er spelt inn i Studios La Buisonne i Sør-Frankrike i oktober i fjor. Flygel- og kontrabassklangen i dei kontrapunktiske sekvensane er strålande attgjevne. Det same er den klanglege rikdomen i trommesettet til Vespestad. 21 år etter debuten på ECM står Tord Gustavsen Trio fram med eit nake og ærleg uttrykk som krev konsentrasjon, men likevel er lett å lika.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media