JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Nærande elektronikkmusikk

Perels nye album er ei trespråkleg plate om tru og andre system vi lever under.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Perel er artistnamnet til Annegret Fiedler.

Pressefoto

2002
20220610
2002
20220610

Pop / elektronisk musikk

Perel:

Jesus Was an Alien

Kompakt

Annegret Fiedler, eller Perel, har så lenge ho kan hugse, komponert elektroniske lydspor, inspirert av synthpop og new wave, til dagdraumane sine. Synthwave- og nu disco-musikken på det nye albumet Jesus Was an Alien bringar rett som det er tankane til den nyleg avlidne greske synthesizerguruen Vangelis’ Blade Runner-musikk og lågbudsjettsjangerfilmens meister, John Carpenter (The Thing, Escape From New York).

Begge desse synthlegendene har ein episk og storslegen stil, og ein liknande ublyg lyd av frilynt og ekstravagant fantasi pregar Perels musikk. Tru står på agendaen, med songtitlar som «Religion», «The Principle of Vibration» (som minner om sein 80-tals-electro boogie à la Salt-n-Pepa og Rick James’ discofunkklassikar «Super Freak») og «Matrix», som tyder både opphav og kjelde, livmor og mamma.

Å lytte til Perels musikk er å late øyra bli fylte med saliggjord, nærande mjølk. I tillegg til å stå for den framifrå instrumentalproduksjonen syng Perel med leiken stemmebruk både på engelsk og på morsmålet tysk, til dømes på darkwave-eposet «Kill the System». Instrumentalen «Life Aquatic», kalla opp etter filmen med same tittel, lettar stemninga nokre hakk med fargerik, omsluttande og boblande snorkelstemning, før «Am Kanal» tar oss med på ei sildrande, fredsæl og nostalgisk vandring langs ein tysk kanal.

Med på tittelsporet er den kanadiske elektropopdivaen Marie Davidson, kjend for sitt storslegne soloarbeid og darkwave-bandet Essaie Pas. Teksten, som vert framført på engelsk og fransk om ein annan, kan minne om dokumentarserien Ancient Aliens’ stadige retoriske refreng: «Kan det tenkjast...? Og i så fall...?!» Vel, uansett om det kan eller ikkje kan tenkjast at Jesus var eit romvesen, er dette eit framifrå album.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er trommis, dj, kritikar, kunstnar og musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis