Praten flyt lett
Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.
Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.
Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records
Jazz / Samtidsmusikk
Trygve Seim og Frode Haltli:
Our Time
Trygve Seim, sopran- og tenorsaksofon; Frode Haltli, akkordeon. ECM
Til neste år feirar Trygve Seim og Frode Haltli 25 års musikalsk samarbeid. Dette er likevel berre den andre duoplata deira. Den første, Yeraz, kom i 2008. Musikken er, som alltid når desse to set kvarandre stemne, stort sett improvisert. Det kan vera vanskeleg å ta inn fordi dei to har utvikla eit uttrykk som i dynamisk forstand og i replikkunst er så å seia formfullenda.
Tonekvaliteten i dei respektive instrumenta er med på å gjera kvart eit stykke til ei kleinkunstperle. Seim er vel den saksofonisten som har teke arven etter Garbarek lengst, og på eiga hand utvida paletten monaleg. Han har funne tvillingsjela si i Haltli. Heile plata fungerer som ein illustrasjon av dette poenget, men for meg står «Improvisation No. 3» fram som eit høgdepunkt på dei fleste vis. Det gjev Seims folkemusikkinspirerte «Fanfare» eit uvanleg inderleg preg.
Vanlegvis følgjer improvisasjonen temaet, men Seim og Haltli snur gjerne på det. «Improvisation 1–4» vert alle etterfølgde av eit skrive stykke, gjerne som ein kort konklusjon. «Fanfare» følgjer etter to av improvisasjonane, medan nordindiske «Shyama Sundara Madana Mohana» og Stravinskijs «Les Cinq Doigts No. 5» følgjer etter dei to andre, og det er verkeleg snakk om konklusjonar.
I tillegg har dei med Haltlis «Du, mi tid», Seims signaturlåt no om dagen, den ukrainske voggesongen «Oy Khodyt’ Son, Kolo Vikon» og den sorgtunge «Elegi», også ført i pennen av Seim. Our Time er tidlaus.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz / Samtidsmusikk
Trygve Seim og Frode Haltli:
Our Time
Trygve Seim, sopran- og tenorsaksofon; Frode Haltli, akkordeon. ECM
Til neste år feirar Trygve Seim og Frode Haltli 25 års musikalsk samarbeid. Dette er likevel berre den andre duoplata deira. Den første, Yeraz, kom i 2008. Musikken er, som alltid når desse to set kvarandre stemne, stort sett improvisert. Det kan vera vanskeleg å ta inn fordi dei to har utvikla eit uttrykk som i dynamisk forstand og i replikkunst er så å seia formfullenda.
Tonekvaliteten i dei respektive instrumenta er med på å gjera kvart eit stykke til ei kleinkunstperle. Seim er vel den saksofonisten som har teke arven etter Garbarek lengst, og på eiga hand utvida paletten monaleg. Han har funne tvillingsjela si i Haltli. Heile plata fungerer som ein illustrasjon av dette poenget, men for meg står «Improvisation No. 3» fram som eit høgdepunkt på dei fleste vis. Det gjev Seims folkemusikkinspirerte «Fanfare» eit uvanleg inderleg preg.
Vanlegvis følgjer improvisasjonen temaet, men Seim og Haltli snur gjerne på det. «Improvisation 1–4» vert alle etterfølgde av eit skrive stykke, gjerne som ein kort konklusjon. «Fanfare» følgjer etter to av improvisasjonane, medan nordindiske «Shyama Sundara Madana Mohana» og Stravinskijs «Les Cinq Doigts No. 5» følgjer etter dei to andre, og det er verkeleg snakk om konklusjonar.
I tillegg har dei med Haltlis «Du, mi tid», Seims signaturlåt no om dagen, den ukrainske voggesongen «Oy Khodyt’ Son, Kolo Vikon» og den sorgtunge «Elegi», også ført i pennen av Seim. Our Time er tidlaus.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.
Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records
Praten flyt lett
Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»