Urban Viken
Erlend Viken Trio med gjester byr på kreativitet.
Erlend Viken har med seg Marius Graff (t.v.) og Sondre Meisfjord i trioen.
Pressefoto
Moderne folkemusikk
Erlend Viken Trio:
Ville veier
Erlend Viken, fele, hardingfele, oktavfele; Marius Graff, elektrisk gitar; Sondre Neisfjord, bass; Olav Torget, konting (n’goni); Synnøve Brøndbo Plassen, vokal. Heilo
Erlend Viken er ein norsk spelemann frå Oppdal. Og i trioen har han med bassisten Sondre Meisfjord og gitaristen Marius Graff, og på nokon av låtane har dei invitert med Olav Torget, som spelar det tradisjonelle afrikanske strengeinstrumentet konting (n’goni), og vokalisten Synnøve Brøndbo Plassen.
Dei opnar med den tradisjonelle valdresspringaren «Nørre Myreslåtten», som Viken har lært av en annan meisterspelemann, Håkon Høgemo. Og alt her legg eg merke til det fine samspelet mellom fele og gitar, kor dei to spelar (nesten) unisont, men med små avstikkarar.
Det er ikkje Viken som står fram som den viktigaste solisten, men her, som i dei fleste låtane, får me eit utmerkt samspel med gitaristen Graff. Og herifrå og ut er dette ei utmerkt plate der dei tre (fem) samarbeider tett og fint. «Road From Glasgow» kan høyrast ut som at seine kveldar på folkemusikkpub i Glasgow har sett sine spor hos Viken. Her får me Torget i beste Ry Cooder-stil. Ein nydeleg skotsk/norsk reel.
Me får ørkenblues i den afrikanske «Bøgata Blues», som er slik me kjenner musikken frå Mali, med n’gonien saman med Plassens unisone vokal. Ein blues som ligg heilt i tradisjonen. Meisfjords «Roadsterbassgangarhalling» har òg mykje Cooder i seg, der Meisfjord spelar eit riff dei andre kan leika seg over. Vikens «Mingus Lullaby» er ein fin ballade, ei hyllest til bassisten Charles Mingus, men utan at det blir nokon kopi, men ei fin låt i et slentrande tempo, med framifrå basspel.
I tillegg får me fleire strålande komposisjonar av Viken. Og heile vegen får me moderne folkemusikk med grunnlag i Noreg, men med fine vitjingar til andre land.
Jan Granlie
Jan Granlie er redaktør for nettsida salt peanuts* og frilans kulturarbeidar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media