Bok
Prisen for fred
Ragnar Ulstein skildrar to generasjonar frå sein mellomkrigstid til 1980-åra, med dramatiske hendingar og traumatiske følgjer.
Ragnar Ulstein fotografert i samband med at norske krigsveteranar var attende i London 75 år etter at britiske Special Operations Executive (SOE) blei etablert.
Foto: Marte Christensen / NTB
Rett før jul, om lag fem år etter hans død, kom ein roman av motstandsmannen og krigshistorikaren Ragnar Ulstein (1920–2019) ut på Solum Bokvennen forlag. Etterdønningar er blitt ei vakker og stilsikker bok som ikkje minst oppsummerer mange av dei temaa forfattaren sirkla rundt i mest alle bøkene han skreiv – den andre verdskrigen, menneska i og rundt krigen og til sist spora krigen sette i dei menneska som var med på å vinne han.
Situasjonen i verda i dag gjer dessverre boka svært aktuell. At den omfattande skepsisen til, og den aktive motstanden mot, dei fascistiske ideane i mellomkrigstida saug næring frå verdiane og haldningane i det lokale lagslivet, er ein grunntanke hos Ragnar Ulstein. Med sine demokratiske røter vart desse møteplassane eit skjold mot dei totalitære elitetankane. Preludiet til romanen kastar då også lesaren rett inn i det nordvestlandske fiskarbondemiljøet der forfattaren vaks opp.
Stort persongalleri
Krigen er over. 13-åringen Kåre blir send til fjells med middagsmat til faren og søskena, som spar torv oppe i myrane ved vatnet der. Kåre har fått streng beskjed om å gå fort, for at maten ikkje skal bli kald, men stoggar fleire stader undervegs, for å lytte til fuglane og sjekke kulpane i elva, der storauren kan stå. Skildringa av turen opp til torvmyra, med alle avstikkarar og funderingar, har fått tittelen «Ein pastorale» og er eitt av fleire litterære høgdepunkt i boka. Det kviler ei djup ro og ein trygg fred over desse om lag tjuefem sidene, som nærast er ei novelle i starten av romanen. Strålande!
Men livet på garden (og sjøen) er ikkje sorglaust. Pliktene er mange. Fristundene få. Suter og atterlet heng som grå skyer over familiane langs stranda. Vil jorda gje nok grøde? Vert fisket godt? Dei gamle les vêret på kveldshimmelen.
Persongalleriet er stort. Typane mange. Men berre få personar går forfattaren djupare inn i. Det er relasjonane i grenda som er viktige. Dette kjem fint fram i skildringa av nabojenta Ester, som kjem att til bygda etter at ho er blitt alvorleg sjuk. «Vart det sjukdom i eitt hus, vart det som eit sukk i alle hus.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.