Kunst

Rik skildring av eit kort liv

Boka Gunnar Berg: Maleren fra Lofoten gir eit fascinerande innblikk i livet til kunstnaren som skildra kystkulturen i nord.

Gunnar Bergs «Utrangert fembøring» (1888–89) viser ein av båtane som følgde lofotfisket. Her kunne ein kjøpe forskjellige varer. På skiltet er det reklame for varm mjølk.
Publisert Sist oppdatert

Kunstvitaren Per Posti (f. 1947) har skrive ein solid kunstmonografi om målaren Gunnar Berg (1863–1893), som vart alvorleg kreftsjuk på høgda av karrieren. Beinet måtte amputerast. Likevel la han av garde til Berlin for å måle. Her vart helsa forverra, og han døydde berre 30 år gamal.

Trass i ung alder rakk han å setje spor etter seg. Berg er representert i dei viktigaste kunstsamlingane i Noreg og vert ståande som ein av dei største lofotmålarane. Posti viser at det ikkje først og fremst er dei spektakulære lofotfjella Berg ønskjer å skildre, men kystkulturen og livet til fiskarane.

Dette er den første grundige teksten som er skriven om Gunnar Berg, og såleis vert han eit viktig bidrag til norsk kunsthistorie. Lesarane tenkjer kanskje ikkje over kor mykje arbeid som må til for å skrive slike grunntekstar – alle arkiva som må sporast opp, dechiffrering av handskrivne brev og ikkje minst oppsporinga av kunstverk.

Boka er illustrert med 300 bilde, mest måleri, men også skisser, teikningar og fotografiske studiar. I tillegg er det mange foto, mellom anna av kunstnaren frå barnsbein av. Vi ser han modnast til ein atletisk yndling med lokkar i håret som tidleg legg seg til eit digert, velfrisert skjegg.

Svolvær

Boka gir ein kronologisk gjennomgang av livet hans. Berg vart fødd på Svinøya i Svolvær i 1863, som eldst i ein stor søskenflokk. Far hans var handelsmann og eigde store delar av Svolvær. Guten stod imot forventingane om å ta over etter faren, og valde eit liv som kunstnar. Skildringa av barne- og ungdomsåra er omstendeleg, og noko seig å kome igjennom. Ein skal likevel ikkje la seg skremme. Straks forfattaren følgjer med Berg til akademiet i Düsseldorf, vert boka ein fest å lese.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement