Samfunn

Omsetjarane kan forsvinne

Kunstig intelligens gjer det mogleg å omsetje bøker med eit tastetrykk. Omsetjarar fryktar for arbeidsvilkåra – og for norsk språk.

Kunstig intelligens endrar vilkåra for omsetjing. I september presenterte Facebook-gründer Mark Zuckerberg briller som kan omsetje spansk, fransk og italiensk til engelsk, heilt spontant. Foto: Godofredo A. Vásquez / AP / NTB
Kunstig intelligens endrar vilkåra for omsetjing. I september presenterte Facebook-gründer Mark Zuckerberg briller som kan omsetje spansk, fransk og italiensk til engelsk, heilt spontant. Foto: Godofredo A. Vásquez / AP / NTB
Publisert Sist oppdatert

– Austtyske avantgarderomanar? Det der kan du berre gløyme, sa ein røynd omsetjar eg ringde til i september. 

KI rammar omsetjarane

KI-baserte språkmodellar skapar hardt press på omsetjarane.

I september synte Klassekampen at talet på arbeidslause omsetjarar hadde dobla seg på eitt år.

Denne våren byrja forlaget Bonnier å publisere KI-omsette romanar.

Andre forlag nyttar Punktum forlagstjenester, som tilbyr «maskinassistert oversettelse».

Eg spurde etter råd om korleis eg kunne få utgitt ei omsetjing eg hadde arbeidd med. Rådet eg fekk, var lite oppløftande, men godt meint:

– Du får ho neppe akseptert hos eit forlag, særleg ikkje utan erfaring. Vi som har halde på med dette i fleire tiår, manglar plutseleg oppdrag sjølve. Skal eg vere ærleg, er eg usikker på om det finst ei framtid for dette yrket.

Veteranen hadde nok rett. Same månad synte Klassekampen at talet på arbeidsledige omsetjarar hadde dobla seg på eitt år. Dei som vart intervjua der, nemnde same grunnen som omsetjaren eg telefonerte med: kunstig intelligens som automatiserer omsetjingsprosessen.

I og for seg er ikkje det noko nytt. Google translate har eksistert i snart 20 år, men slike program har ikkje vore avanserte nok til å konkurrere med omsetjarane. Då kunstig intelligens vart allemannseige for eit par år sidan, auka presset. 

I Finland rapporterer om lag halvparten av omsetjarane at dei har fått færre oppdrag og lågare inntekter. I Sverige og Danmark har ein vore langt meir liberale med bruk av KI-omsetjingar enn norske forlag har vore hittil.

Og no bankar naboen på døra.

Lønsdumpinga

Dei siste åra har det svenskeigde forlaget Bonnier vakse seg til å bli ein dominerande aktør i den norske bokbransjen. Dei opnar for å bruke kunstig intelligens i forlagsarbeidet. Den 17. januar melde Morgenbladet at forlaget no har klare tre sjølvhjelpsbøker «av den enklare sorten». Dei er omsette frå engelsk ved hjelp av KI.

Om forlaga overdriv bruken av KI, risikerer dei å grave si eiga grav.

Hilde Lyng, leiar i Norsk Oversetterforening

Det er eit fareteikn for norsk litteratur, meiner Hilde Lyng, leiar i Norsk Oversetterforening, som organiserer skjønnlitterære omsetjarar.

– Ein kan nytte mange sterke ord her. Eit av dei er fagforeiningsknusing. Om forlaga byrjar nytte omsetjingsprogram for den lettare litteraturen, fell mykje av inntekta vår bort. Gyldendal har tidlegare tilbode dårlegare kontraktsvilkår for å omsetje masselitteratur. Rett nok har dei slutta med det overfor medlemmene våre, men det er ein klår tendens at omsetjarar får dårlegare betalt.

Omsetjarar arbeider som regel ikkje på timebasis, men får løn etter kor mykje dei har omsett. Det gir god inntening for tekstar med eit enkelt språk, men dårlegare for kompleks litteratur.

– For mange omsetjarar har omsetjingar av den typen bøker Bonnier no nyttar kunstig intelligens til, vore ei viktig sideinntekt som hjelper oss i arbeidet for å få ut meir avansert prosa. Samla sett fører ei slik utvikling til at færre kan leve som omsetjarar på fulltid og levere litteratur av høg kvalitet, fortel Lyng.

Samfunnsansvar

Men heller ikkje for forlagsbransjen er det lette tider. Då Foreleggerforeningen publiserte statistikken for bransjen i september, synte tala at omsetninga av bøker har stått meir eller mindre stille dei siste 20 åra. Samstundes har prisstiginga vore på over 60 prosent, skriv Bok365.

– Er det ikkje harde tider for forlaga òg, Lyng?

– Det er dyrt å omsetje i Noreg, for bokmarknaden er relativt liten samanlikna med større land. Likevel har vi hatt gode tradisjonar for at forleggjarar nyttar inntekter frå bestseljarar til å finansiere den mindre salbare litteraturen.

Ho meiner innsparingane ikkje kjem lesarane til gode.

– Sjølvsagt er det billegare å la ei maskin produsere omsett tekst. Men lesarane får neppe billegare bøker i bokhandelen, sjølv om omsetjarane blir kutta ut som mellomledd. Samstundes sponsar fellesskapen forlaga, mellom anna gjennom innkjøpsordninga og momsfritak. Om dei ikkje tek samfunnsansvar, kan ein òg spørje seg kva ansvar samfunnet skal ta for dei.

I november varsla Høgre at dei ville fjerne momsfritaket for bøker.

– Om forlaga overdriv bruken av KI, risikerer dei å grave si eiga grav. Det er naivt å tru at dei ikkje kjem til å levere dårlegare kvalitet. Kva får dei til å tru at folk ikkje vil bruke KI til å gjere forlagsarbeidet sjølve dersom kvaliteten ikkje er på topp?

Marknadsmekanismen

Forlagsbransjen har alltid vore ei verksemd med høg økonomisk risiko. Ei bok med store salstal i utlandet kan bli heilt mislukka på den norske marknaden. Då kan det vere freistande å nytte ny teknologien for å maksimere salet. 

Den digitale revolusjonen gjer det mykje enklare å finne ut nett kva som sel best. Lesebrettet Amazon Kindle samlar til dømes inn tastetrykka til lesarane og kan gi analytikarane meir detaljert informasjon om nett korleis vi les. Dermed kan ein òg vurdere betre kva som gir best boksal.

I november skreiv Neue Zürcher Zeitung om programmet DemandSens, som bruker få sekund på å vurdere marknadspotensialet til eit bokmanus. Mindre salbare bøker kan bli stoppa alt før dei har nådd forlagsredaktøren. Om eit forlag slengjer seg på denne utviklinga med suksess, blir det vanskeleg for andre å la vere. Ingen vil tape på marknaden. Det er som stolleiken – den siste som set seg, forsvinn ut.

Hilde Lyng, leiaren i Norsk Oversetterforening, er uroa for at omsetjing ved hjelp av kunstig intelligens kan føre til fagforeningsknusing.

Utfordrar opphavsretten

Kunstig intelligens skaper nye gråsoner i heile bokbransjen. Også Word nyttar KI. Det gjer det vanskeleg å skilje mellom kva teknologi ein omsetjar kan nytte i arbeidet og ikkje. Oversetterforeningen er samd med Foreleggerforeningen om at ein ikkje skal nytte programvare som ikkje respekterer opphavsretten. Program som ChatGPT nyttar til dømes teksten som blir skriven inn, til å generere ny tekst.

– Slike språkmodellar baserer seg på å bryte med opphavsretten, fortel Lyng.

Truskap eller tilpassing

Då Bonnier byrja omsetje ved hjelp av KI, nytta dei programmet DeepL. Det opnar ikkje for at teksten blir misbrukt seinare. I staden får ein eit råutkast som forlaget må tilarbeide. Andre forlag har valt ei anna tilnærming, til dømes ved å hyre inn Punktum forlagstjenester. Dei driv med såkalla maskinassistert skriving. 

Her nyttar ein ikkje generative modellar, slik som ChatGPT, men teknologien gjer omsetjinga raskare og billegare. Selskapet skiltar sjølv med at dei kan omsetje bøker til lågare pris enn normalkontrakten for omsetjarar.

– Eg synest Lars Nygaard [omsetjar og leiar i Punktum, journ.merk.] er illojal mot kollegaene sine. Han sel seg billeg, meiner Lyng.

Nygaard kjenner seg ikkje att i at han er trulaus mot andre omsetjarar.

– Lojaliteten vår ligg hos lesarane, ikkje omsetjarane. Det største problemet er at det blir gitt ut stadig færre omsette bøker. Dermed blir vi i større grad avskorne frå tankar frå resten av verda. Ved varsam bruk av ny teknologi kan vi levere eit produkt av høg kvalitet noko billegare.

Han trur dei teknologiske endringane har kome for å bli.

– Typografane likte ikkje overgangen frå blysats, og bankfunksjonærane likte ikkje at det vart innført minibankar. Men nokre gonger må ein tilpasse seg. Det gjeld omsetjarbransjen òg.

Lyng meiner samanlikninga er søkt.

– Eg vil ikkje forkleine dei to andre yrka, men skjønnlitterær omsetjing er faktisk åndsarbeid. Kunst og litteratur er djupt menneskelege aktivitetar som vi ikkje kan overlate til maskinene. Det handlar forresten ikkje om manglande vilje til å tilpasse seg. Det er ein stråmann. Men vi kan ikkje godta at forlaga undergrev normalkontrakten.

Auka arbeidspress

Ei av yrkesgruppene som alt har måtta tilpasse seg ny teknologi, er TV-tekstarane. Her har maskinomsetjingar vore del av arbeidskvardagen i fleire tiår, fortel Morten Gottschalk. Han leier Norsk audiovisuell oversetterforening.

– Det første maskindrivne programmet kom i 2004. Det sørgde for at svensk teksting vart omsett til norsk. Det var i og for seg fullt mogleg å jobbe med. Frå vår side har vi vore mest opptekne av gode arbeidsvilkår og god kvalitet.

Men nett dette har endra seg.

– Då KI-baserte verktøy kom på marknaden frå 2018, merka vi eit auka arbeidspress. Den nye teknologien skulle effektivisere tekstinga med 30 prosent. Då ville mange oppdragsgivarar kutte tilsvarande i honoraret.

Etterarbeidet

Høgare arbeidspress gir òg mindre tid til å kvalitetssikre teksten. I dag sender mange oppdragsgivarar ut maskinomsett tekst som ein tekstar må gå gjennom og etterredigere. Det betyr ikkje nødvendigvis mindre arbeid, meiner Gottschalk:

– Ofte nyttar ein vel så mykje tid på å gå over resultatet som ein ville gjort på å omsetje teksten. Som tekstar må ein òg få ord og bilete til å passe saman.

Den 5. januar skreiv omsetjar Cecilie Winger om KI-basert teksting i Aftenposten. Ho kalla resultatet «renspikket koko» og uttrykte uro over framtida til norsk språk.

– KI-omsetjingar er dårlege på å lese kontekst, forklarer Gottschalk.

– Språket blir lite idiomatisk med mange anglisismar og upresise omsetjingar.

Dette er ikkje berre ei kjelde til irritasjon, men kan òg bidra til å påverke norsk språk på sikt:

– Fjernsyns- og filmtekstar er kanskje den omsette teksten nordmenn les mest av.

– Men KI-programma blir jo betre og betre – tviheld de på hest og kjerre i staden for å gå over til bilen?

– Førebels er ikkje KI-teknologien så effektiv som vi trudde. Det kan godt hende han blir god nok på lang sikt, men i mellomtida treng vi nokon som kan ta ansvar for det ferdige resultatet. Det ser det òg ut til at mange oppdragsgivarar er i ferd med å skjøne. Så kan ein jo spørje seg kvifor ein filmprodusent som bruker fleire hundre millionar på ein film, ikkje har interesse av å nytte ein tusenlapp eller to ekstra for å få betre kvalitet på tekstinga. Den har meir å seie for kva vi synest om ein film, enn vi gjerne trur.

Syntaktisk samanbrot

Også nyhendetekstar, som er mellom dei tekstane vi les mest av, ber meir preg av KI. Aftenposten nyttar til dømes ChatGPT for å omsetje utanlandske artiklar og lesarinnlegg. Det er meir effektivt for redaksjonen, men neppe for lesarane.

Ein kan berre vurdere resultatet frå då Bergens Tidende i midten av desember publiserte ei NTB-melding om at Musks romfartsselskap SpaceX flytta hovudkontora sine til Texas: «Vi ber Cameron fylke om å utlyse et valg for å muliggjøre innlemmelsen av Starbase som den nyeste byen i Rio Grande Valley.» «Samtidig er dette første gang en underskriftskampanje offisielt innlevert er i gang.»

Førstelina

På Torshov sit Hilde Lyng i sluttprosessen med ei omsetjing. Ho er usikker på korleis det vil gå dersom omsetjarane går over til å kontrollere maskinarbeid, slik mange tekstarar gjer:

– Prosessen er mindre kreativ. Flowen forsvinn. Sjølv bruker eg lang tid på å finne rytmen og kjensla av teksten. Det må menneske til for å omsetje. Ei maskin har aldri kjent dei kjenslene du les om i ein roman.

Ho pustar djupt.

– Vi omsetjarar er i førstelina for litteraturen. No ser det òg ut til at vi er dei første som kan kome til å ryke.

Dag og Tid har teke kontakt med Bonnier forlag, men ikkje fått svar.