JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Eit betre grunnlovsframlegg

Mangelen på ein overordna språkparagraf tidlegare har gjort Grunnlova ganske rotete.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Thomas Winje Øijord

Thomas Winje Øijord

2987
20240809
2987
20240809

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Kommentaren om grunnlovsframlegget om språk i Dag og Tid 5. juli gav raskt resultat. Det tok ikkje Ingvar Engen mange timar og dagar å utforme eit nytt framlegg til grunnlovsparagraf, trykt i Dag og Tid 2. august. Denne svært røynde embetsmannen arbeidde i fleire tiår i Kulturdepartementet med mellom anna språksaker og den språkmeldinga som regjeringa Stoltenberg la fram i 2008.

Når Ingvar Engen tek ordet, gjer ein altså klokt i å lytte. Det vonar eg også Stortinget gjer når tida er inne i neste stortingsperiode. Med det vesle innlegget sitt har han alt flytta ordskiftet langt fram og formulert ein paragraf som eg synest er mykje betre enn framlegget frå Sveinung Rotevatn og dei seks medunderskrivarane hans. Det er som det skal vere, at ein gjennom meiningsutveksling kjem fram til ei betre løysing. Då må nokon ta initiativet, og det har Noregs Mållag og andre heldigvis sytt for.

Kven veit, kanskje kan den endelege paragrafen bli endå betre. Når saka først ligg på bordet, var det iallfall å vone at meir blir gjort samstundes. Mangelen på ein overordna språkparagraf tidlegare har gjort Grunnlova ganske rotete jamført med ein del andre grunnlover. No er emnet spreitt utover.

I paragraf 108 skal styresmaktene syte for at «det samiske folket, som urfolk, kan tryggje og utvikle språket sitt». I paragraf 114 heiter det at berre «norske borgarar som talar språket i landet», kan utnemnast til embete i staten (mine uthevingar). Framlegget om norsk språk er tenkt som ny paragraf 120b. Då kjem det overordna sist. Sjølv om dette ikkje har noko å seie politisk, kunne ei samling av språkpolitiske avsnitt i éin paragraf avdekkje om endå meir burde takast med eller seiast på anna vis.

Som Engen peikar på, har forslagsstillarane i Stortinget lagt til grunn at bokmål og nynorsk også er standardtalemål. Om ordlyden i paragraf 114 bør justerast i lys av ny paragraf 120 b, kan med fordel diskuterast.

Olav Randen var i Dag og Tid 12. juli kritisk til kommentaren min om at nynorsk faktisk er eit talt og skrive språk, men i grunngivinga meiner altså også dei sju folkevalde at det er slik. Randen er dermed usamd i grunngivinga, men samd i framlegget, og meiner sanneleg at den som er kritisk til framlegget, ikkje viser eit demokratisk grunnsyn. Samstundes misliker han at stat og folkevalde standardiserer rettskriving. Det minner vel mykje om riksmålsbevegelsens antistatlege politikk i tidlegare tider.

I staden for vidare polemikk legg eg berre inn ein protest når Olav Randen postulerer at eg opererer med tre norske språk – norsk, bokmål og nynorsk. Eg er ei enkel sjel frå Jølster som aldri greier å gjere verda så innfløkt, og har i tiår snakka om bokmål og nynorsk som dei to norske språka. Norsk er då fellesnemnaren for dei norske språka slik samisk er det for dei samiske språka, som altså er omtalte i eintal i Grunnlova.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I valkampen før guvernørvalet i Tokyo i juli blei politikk til farse, meiner mange japanarar. Ein av dei mange meir eller mindre seriøse 56 kandidatane som figurerte i sosiale medium og offentlege rom, var «KI-borgarmeisteren», profilert som robot.

Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB

PolitikkSamfunn

Ei god tid for løgnarar

Når det politiske bildet blir forfalska ved hjelp av kunstig intelligens, lid demokratiet.

Marita Liabø

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis