Eit betre grunnlovsframlegg

Mangelen på ein overordna språkparagraf tidlegare har gjort Grunnlova ganske rotete.

Publisert Sist oppdatert

Kommentaren om grunnlovsframlegget om språk i Dag og Tid 5. juli gav raskt resultat. Det tok ikkje Ingvar Engen mange timar og dagar å utforme eit nytt framlegg til grunnlovsparagraf, trykt i Dag og Tid 2. august. Denne svært røynde embetsmannen arbeidde i fleire tiår i Kulturdepartementet med mellom anna språksaker og den språkmeldinga som regjeringa Stoltenberg la fram i 2008.

Når Ingvar Engen tek ordet, gjer ein altså klokt i å lytte. Det vonar eg også Stortinget gjer når tida er inne i neste stortingsperiode. Med det vesle innlegget sitt har han alt flytta ordskiftet langt fram og formulert ein paragraf som eg synest er mykje betre enn framlegget frå Sveinung Rotevatn og dei seks medunderskrivarane hans. Det er som det skal vere, at ein gjennom meiningsutveksling kjem fram til ei betre løysing. Då må nokon ta initiativet, og det har Noregs Mållag og andre heldigvis sytt for.

Kven veit, kanskje kan den endelege paragrafen bli endå betre. Når saka først ligg på bordet, var det iallfall å vone at meir blir gjort samstundes. Mangelen på ein overordna språkparagraf tidlegare har gjort Grunnlova ganske rotete jamført med ein del andre grunnlover. No er emnet spreitt utover.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement