Grunnlov og språklov
Det originale grunnlovsdokumentet.
Foto: Berit Roald / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Språk
Etter innlegga frå Lars S. Vikør og Olav Randen i Dag og Tid 16. og 23. august er det nødvendig å spole attende til utgangspunktet om at grunnlov og lov må samsvare. Dette handlar om kva Stortinget alt har vedteke, altså juss og politikk. I staden held både Vikør og Randen seg til lingvistiske spørsmål i ordskiftet om framlegget til språkparagraf i Grunnlova.
Randen hevdar 23. august at det ikkje står noko om nynorsk som standardtalemål i grunngivinga frå dei åtte stortingsrepresentantane. Det er heilt feil. Alt i andre avsnittet i Grunnlovsframlegg 4 (2023–2024) nemner dei dette, og dei gjer det to gonger. Dei viser til «standardiserte og ustandardiserte skriftlege og munnlege variantar av norsk» og skriv om «heile breidda av munnleg norsk frå dialektar til nynorsk og bokmål som standardtalemål».
Grunnlaget for kritikken min i Dag og Tid 5. juli var at ordlyden i framlegget frå dei åtte skaper avvik mellom den overordna Grunnlova og den underordna språklova. Ordlyden dekkjer ikkje den rettstilstanden Stortinget alt har vedteke, og heller ikkje den uttrykte intensjonen i grunngivinga. Det er konstitusjonelt alvorleg. Når verken Randen eller Vikør kommenterer dette, går ordskiftet mot slutten for min del.
Mot utfalla frå Olav Randen viser eg berre til kva Noregs Mållag under leiar Magne Aasbrenn skreiv i høyringsfråsegn om utkastet til språklov hausten 2019. Noregs Mållag meinte at det var ikkje nok å gi nynorsk og bokmål sjølvstendig status som skriftspråk, og ville ta steget fullt ut med denne setninga i paragraf 4: «Bokmål og nynorsk er likeverdige nasjonale hovudspråk i Noreg.»
Det Stortinget vedtok samrøystes, var at «bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet». Det er grunn til uro når denne føresegna fell ut i eit framlegg frå folkevalde, og når mange andre ser bort frå den. Sentrale personar i nynorskmiljøet siterer heller det som står i den neste føresegna om at bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk – ofte utan å ta med avgrensinga om at dette gjeld «i offentlege organ».
Dette synest eg er ustøtt språkpolitisk fotarbeid, og nynorskbrukarane er dei siste som er tente med å sjå bort frå heilskapen i lova. Her bør nokon kvar gjere seg kjend med Ingvar Engens Analyse av språkloven, med forklaringer og kommentarer (2022), som kan lesast på Lnk.no.
Eg meiner framleis at det opphavlege grunnlovsframlegget ikkje er godt nok. Prosessen for grunnlovsendringar er omstendeleg nettopp av di framlegga skal kunne drøftast særleg grundig over tid. Politikarar lever av usemje, og debatt gjer ingen skade, men utfallet av stortingsvalet i 2025 kan valde vanskar.
I denne saka ligg alt tre framlegg føre med tydelege skilnader:
«Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk» (Sveinung Rotevatn og fleire, Stortinget 20. juni 2024).
«Norsk språk, med dei likeverdige og likestilte språka bokmål og nynorsk, er nasjonalt hovudspråk i Noreg» (Ingvar Engen, Dag og Tid 12. juli 2024).
«Norsk språk, med dei likeverdige og likestilte standardspråka bokmål og nynorsk, er nasjonalt hovudspråk i Noreg» (Ingvar Engen, justert, Dag og Tid 23. august 2024).
Det gjeld at Stortinget ein gong før sommaren 2028 vedtek ein språkparagraf i Grunnlova som dekkjer det Stortinget alt har vedteke – og at ingen tek omkamp om språklova.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.