Grunnlov og språklov
Det originale grunnlovsdokumentet.
Foto: Berit Roald / NTB
Etter innlegga frå Lars S. Vikør og Olav Randen i Dag og Tid 16. og 23. august er det nødvendig å spole attende til utgangspunktet om at grunnlov og lov må samsvare. Dette handlar om kva Stortinget alt har vedteke, altså juss og politikk. I staden held både Vikør og Randen seg til lingvistiske spørsmål i ordskiftet om framlegget til språkparagraf i Grunnlova.
Randen hevdar 23. august at det ikkje står noko om nynorsk som standardtalemål i grunngivinga frå dei åtte stortingsrepresentantane. Det er heilt feil. Alt i andre avsnittet i Grunnlovsframlegg 4 (2023–2024) nemner dei dette, og dei gjer det to gonger. Dei viser til «standardiserte og ustandardiserte skriftlege og munnlege variantar av norsk» og skriv om «heile breidda av munnleg norsk frå dialektar til nynorsk og bokmål som standardtalemål».
Grunnlaget for kritikken min i Dag og Tid 5. juli var at ordlyden i framlegget frå dei åtte skaper avvik mellom den overordna Grunnlova og den underordna språklova. Ordlyden dekkjer ikkje den rettstilstanden Stortinget alt har vedteke, og heller ikkje den uttrykte intensjonen i grunngivinga. Det er konstitusjonelt alvorleg. Når verken Randen eller Vikør kommenterer dette, går ordskiftet mot slutten for min del.
Mot utfalla frå Olav Randen viser eg berre til kva Noregs Mållag under leiar Magne Aasbrenn skreiv i høyringsfråsegn om utkastet til språklov hausten 2019. Noregs Mållag meinte at det var ikkje nok å gi nynorsk og bokmål sjølvstendig status som skriftspråk, og ville ta steget fullt ut med denne setninga i paragraf 4: «Bokmål og nynorsk er likeverdige nasjonale hovudspråk i Noreg.»
Det Stortinget vedtok samrøystes, var at «bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet». Det er grunn til uro når denne føresegna fell ut i eit framlegg frå folkevalde, og når mange andre ser bort frå den. Sentrale personar i nynorskmiljøet siterer heller det som står i den neste føresegna om at bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk – ofte utan å ta med avgrensinga om at dette gjeld «i offentlege organ».
Dette synest eg er ustøtt språkpolitisk fotarbeid, og nynorskbrukarane er dei siste som er tente med å sjå bort frå heilskapen i lova. Her bør nokon kvar gjere seg kjend med Ingvar Engens Analyse av språkloven, med forklaringer og kommentarer (2022), som kan lesast på Lnk.no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.