Grunnlovsframlegget om norsk språk

«Det særeigne ved bokmål og nynorsk er ikkje at dei er gjensidig forståelege, men at dei er samfunnsmessig integrert i eitt språksamfunn.»

Publisert

Som kjent er det nyleg sett fram eit framlegg til ein ny grunnlovsparagraf om språkets status i Noreg: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»

Dette framlegget er blitt kritisert i Dag og Tid av Ottar Grepstad og Ingvar Engen. Det er ikkje primært på grunn av det som står der, men av det som ikkje står, og som dei to vil ha inn, nemleg at nynorsk og bokmål skal kallast «språk». «Skriftspråk» eller «målform» er ikkje bra nok, for her gjeld det tydelegvis ei rangordning, der «målform» på ein eller annan måte er mindreverdig.

Les også: Eit betre grunnlovsframlegg

Grepstad karakteriserer bokmål og nynorsk som «to gjensidig forståelege språk», og meiner det er relativt sjeldsynt i verda. Det er eigentleg ikkje rett, for det er berre ein gradsforskjell mellom kva som er utvilsamt ulike språk, og kva som er variantar av same språket. Her er forholdet til landegrenser, etnisitetar og nasjonalitetar osv. viktige for korleis ein set grenser og definerer.

Tilhøvet mellom dei skandinaviske språka er eit godt døme på denne typen avvegingar. Vi må rekne dei som eitt språk for tusen år sidan (med dialektale skilnader), og dei er framleis gjensidig forståelege, men dei er separate språk i dag på grunn av institusjonalisering i ulike statar. Og det er nok eit vanlegare fenomen i verdssamfunnet enn Grepstad gir inntrykk av. Det særeigne ved bokmål og nynorsk er ikkje at dei er gjensidig forståelege, men at dei er samfunnsmessig integrert i eitt språksamfunn, at dei blir brukt om kvarandre utan etniske eller andre skilje, og at det berre er individuelle val som bestemmer fordelinga mellom dei i bruken.

Her er det ein logisk svikt: Er norsk ifølgje Grepstad og Engen eit språk, eller er det ei språkgruppe eller ein språkfamilie? Engens forsøk på «ja takk, begge delar» blir ei lite akseptabel naudløysing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement