USA
Med vener som dette
Me lever kanskje i Trumps verd, men det er ikkje han åleine som har skapt ho, meiner Håkon Brimsø. Biletet er teke i forkant av innsettinga av Donald Trump som president i januar i år.
Foto: Mike Stewart / AP / NTB
21. februar skriv Halvor Tjønn om den dramatiske heilomvendinga i retorikk og mål for den amerikanske utanrikspolitikken. Skal ein tru skribenten, er stilen til Donald Trump og den sitjande regjeringa hans utan sidestykke i nyare utanrikspolitisk historie, sjølv samanlikna med førre gong han hadde åremålsstilling i Det kvite huset.
For å nyansere forteljinga om USAs historiske engasjement på den internasjonale arenaen nemner Tjønn stønaden til Sør-Vietnam og Augusto Pinochet sitt terrorregime i Chile som to «tragiske kapittel» i amerikanarane sitt elles demokratifremjande arbeid utanfor eigne landegrenser. Tilsynelatande er det berre i desse to tilfella ein med rette kan kritisere stormakta i etterkrigstida.
Dette kan tolkast som ei naudsynt forenkling, spalteplass er jo trass alt ein knapp ressurs. I verste meining kan det tolkast som bevisst tilsløring av ei lang historie av tallause menneskerettsbrot.
Ein skal ikkje reise særleg langt for å finne empiri som svarar til fleire hyllemeter med kapittel om USAs bidrag til valfusk, intervensjon, terror, massakrar og attentat i og utanfor Europa.
På vegner av United Fruit-selskapet vart demokratiet i Guatemala rasert i 1954. Nær 30 år seinare selde Ronald Reagan våpen til presteregimet i Iran for å finansiere massemordarane i Contras-militsen i Nicaragua.
Det største politiske massemordet i etterkrigstida, då mellom 500.000 og 1 million menneske vart avretta i Indonesia 1965–66, vart gjort mogeleg av amerikanske styresmakter og etterretning. Dette var ein såpass stor «suksess» at liknande operasjonar vart gjennomførte over heile verda under det interne kodenamnet «Jakarta».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.