Spor av tid i arkitekturen
«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»
Aasen-tunet opna i 2000.
Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet
Les også
Arkitekturmuseet med tilbygget som Sverre Fehn teikna på byrjinga av 2000-talet.
Foto: Thomas Flemming
Sverre Fehns brutale påbygg på Arkitekturmuseet i Oslo
Les også
Sverre Fehn
Les også
Arkitekturopprøret har plassert dette arkitekturprosjektet i Telekvartalet i Sarpsborg på lista over dei beste i 2024. Arkitekt er MAD, og byggherre er Fredriksborg Eiendom.
Illustrasjon: Fredriksborg eiendom
Brølet nedanfrå gav ekko ovanfrå
Les også
VENEZIA. Den nordiske paviljongen ved Veneziabiennalen stod ferdig i 1962 og romma ei stor utstilling av modellar av Sverre Fehns verk under Arkitekturbiennalen i 1998.
Foto: Daniel Ryan / Flikr
Sverre Fehn – meisteren som bygde lys
Les også
Turistnæringa i Flåm vil byggje eit tårn som skal tevle med dei majestetiske fjella, skriv Ronny Spaans.
Illustrasjon: Jensen & Skodvin / MIR
Høgtårn i Flåm kan skremme bort turistane

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Arkitektur
«Kultur spiser strategi til frokost.» Dette slår leiar Thomas Flemming i Arkitekturopprøret fast i Dag og Tid 27. september, og han skriv det i ein brutal kritikk av det tilbygget Sverre Fehn teikna til Arkitekturmuseet i Oslo for 20 år sidan. Utsegna ser kanskje flott ut – til einkvan dissekerer den sosiologisk, retorisk, semantisk og lingvistisk.
Venezia-pakta
Utanom gullalderdraumen om fleire tusen år gamle greske bygningar er ikkje artikkelen utan interessante resonnement. Mest givande er det Flemming skriv om Venezia-pakta frå 1964. Der formulerte ein mellom anna ei etisk norm om at påbygg til historiske bygningar bør vise når dei er bygde. Ein skal ikkje late som det nye er gamalt. At ein faktisk måtte formulere noko så sjølvsagt!
No blir vegar, bruer og båtar forma og bygde på anna vis med andre material og annan teknologi enn for 1000 år sidan. Bilar ser heilt annleis ut enn for 100 år sidan. Bruksgrafikk, biletkunst og musikk er blitt noko heilt anna. Og det er heldigvis ikkje lenger sjølvsagt at lese-lyrikk skal ha bokstavrim eller enderim.
Arkitektur er kultur, skriv Flemming, og det ser ut til at det er berre ein viss type arkitektur han anerkjenner som kultur. Det blir ganske autoritært, blir det ikkje? Nett som foreldreopprøret mot samnorsk kring 1950. Det opprøret gjorde krav på ein hegemoniserande definisjon av kva kultur er, og i det tilfellet kva sprog er.
På same måten vil Arkitekturopprøret gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er. Visst har mange middelmåtige arkitektar vore i sving utan sans for proporsjonar og dynamikk i alt frå forholdet mellom veggflater og vindauge til lysfall og rom som er gode å vere i. Bland berre ikkje Sverre Fehn og andre originale tenkjarar borti dei.
Jubel
Opprørarar har det ikkje med å vere rause, men ærleg talt. Det litterære Noreg i si vidaste tyding har jubla i eitt år over at Jon Fosse fekk nobelprisen i litteratur. Det bryr knapt leiaren i Arkitekturopprøret at Sverre Fehn fekk det som det internasjonale fagmiljøet sjølv reknar som nobelprisen i arkitektur. Denne haldninga kjenner eg att. Då eg var direktør i Nynorsk kultursentrum, blei det etter kvart påfallande kven i miljøet av form og arkitektur som aldri takka ja til å vitje Aasen-tunet.
Det er med bygningar som med andre menneskeskapte verk laga for bruk: Dei endrar seg over tid. Konstruksjonar må bytast ut eller endrast etter slitasje, skader, brann. Kva skal ein då eventuelt gå attende til? Kva gjer ein med interiør som har vore endra mange gonger? Det handlar om å syte for at struktur og trekk i det opphavlege byggverket ikkje forsvinn.
Hegemoniet
Flemming meiner ein bryt Venezia-pakta ved å byggje opp att Notre Dame i Paris med eit spir som først blei montert i 1860. Fehns tilbygg til Arkitekturmuseet følgjer pakta, men det kallar Flemming historielaust og lite estetisk. Der stakk hegemoniet fram att.
Ein av grunntankane til Sverre Fehn var å la tida setje sine spor. Difor jubla han over spor av rustvatn på ein betongvegg i Aasen-tunet. Dei er eit veggfast minne om nedbørsvinteren 1999–2000 då bygningen blei reist. Kva rimar vel betre i ein bygning som er reist for å ta vare på skrifter fulle av bruksspor, også middelmåtige dikt med enderim.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.