Spor av tid i arkitekturen
Aasen-tunet opna i 2000.
Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet
«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»
«Kultur spiser strategi til frokost.» Dette slår leiar Thomas Flemming i Arkitekturopprøret fast i Dag og Tid 27. september, og han skriv det i ein brutal kritikk av det tilbygget Sverre Fehn teikna til Arkitekturmuseet i Oslo for 20 år sidan. Utsegna ser kanskje flott ut – til einkvan dissekerer den sosiologisk, retorisk, semantisk og lingvistisk.
Venezia-pakta
Utanom gullalderdraumen om fleire tusen år gamle greske bygningar er ikkje artikkelen utan interessante resonnement. Mest givande er det Flemming skriv om Venezia-pakta frå 1964. Der formulerte ein mellom anna ei etisk norm om at påbygg til historiske bygningar bør vise når dei er bygde. Ein skal ikkje late som det nye er gamalt. At ein faktisk måtte formulere noko så sjølvsagt!
No blir vegar, bruer og båtar forma og bygde på anna vis med andre material og annan teknologi enn for 1000 år sidan. Bilar ser heilt annleis ut enn for 100 år sidan. Bruksgrafikk, biletkunst og musikk er blitt noko heilt anna. Og det er heldigvis ikkje lenger sjølvsagt at lese-lyrikk skal ha bokstavrim eller enderim.
Arkitektur er kultur, skriv Flemming, og det ser ut til at det er berre ein viss type arkitektur han anerkjenner som kultur. Det blir ganske autoritært, blir det ikkje? Nett som foreldreopprøret mot samnorsk kring 1950. Det opprøret gjorde krav på ein hegemoniserande definisjon av kva kultur er, og i det tilfellet kva sprog er.
På same måten vil Arkitekturopprøret gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er. Visst har mange middelmåtige arkitektar vore i sving utan sans for proporsjonar og dynamikk i alt frå forholdet mellom veggflater og vindauge til lysfall og rom som er gode å vere i. Bland berre ikkje Sverre Fehn og andre originale tenkjarar borti dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.