Ordskifte
Transporten kan revolusjonerast
Det er tvillaust at Noreg treng eit godt stamvegnett i heile landet.
Idar Mo skriv i Dag og Tid den 14. februar: « Eit nett av lyntog er avsporing .» Mo har skrive mykje, og entusiastisk, om å oppgradere det norske vegnettet.
Det er tvillaust at Noreg treng eit godt stamvegnett i heile landet. Å bruke 2000 milliardar kroner frå oljefondet på å betre 10.700 km riksvegar og 5000 km fylkesvegar treng derfor ikkje vere bortkasta.
Men Mo kan ikkje bruke eksempel frå dårlege – og nylege – norske jernbaneprosjekt for å avskrive nye lyntog. Trasear for nye lyntog skal sjølvsagt byggast med gode grunnforhold, ikkje i dårleg fjell eller kvikkleire, som Follobanen. At lyntogtrasear ofte vil «koste 2000 milliardar kroner per kilometer», skjønar antakeleg alle er ei svært grov overdriving.
Ein kan også håpe at 60 milliardar kroner for 17,3 km ny E18 vest for Oslo (346 millionar per kilometer) er ei overdriving, og ikkje berekningsgrunnlag for stamvegar rundt om i landet.
Når det gjeld Kina, er Mo ikkje oppdatert. Han skriv at kinesarane for 15–20 år sidan vurderte å redusere farten «for å få ned utslepp og kostnadar», og at dei no har 10.000 km med lyntog i landet. Sanninga er at dei no har rundt 50.000 km, mykje for 350 km/t og med planar om 400 km/t.
Økonomen Martin Bech Holte gav ved årsskiftet ut Landet som ble for rikt. Dette er kanskje den fyrste økonomiboka som har blitt ein bestseljar i Noreg, på line med krimromanar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.