Donald Trump er ikkje den fyrste som har vorte freista av å eige den store isøya nordvest i Atlanterhavet. Noreg har også sin imperialistiske arv å bale med.
Her sit nokre av dei norske delegatane til rettssaka mot Danmark i Haag, framfor nokre representantar frå pressa: historikaren Oluf Kolsrud, juristane Helge Klæstad og Gustav Smedal og leiaren for Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser, Adolf Hoel.Norsk Polarinstitutt
Harald DagJølleforfattar og historikar ved Norsk Polarinstitutt
Forståinga
av at nordmenn hadde ein eller annan historisk rett til Grønland, stakk djupt i
Noreg på starten av 1900-talet. Dette merka truleg kong Haakon då han kom til
det nye fedrelandet sitt. Alt i 1906 skal han ha sagt til far sin, Fredrik
VIII: «Nu har Norge i 1905 havt sit Opgjør med Sverige. Nu kommer utvilsomt
Norge til at ville have et Opgjør med Danmark om Bilandene særlig Grønland.»
Kong Haakon meinte difor at Danmark skulle «tage Initiativet og tilskynde et
saadant Opgjør». Det skjedde aldri.
Ihlens
erklæring
I
1919, i fredsforhandlingane etter fyrste verdskrigen, der Noreg var mest
oppteke av å sikre seg suverenitet over Svalbard, tok den danske
utanriksministeren opp spørsmålet om Grønland med den norske kollegaen sin. Nils
Claus Ihlen svarte at Noreg ikkje kom til å motsetje seg ei utviding av dansk
suverenitet over Grønland så lenge Danmark støtta Noregs ynske om Spitsbergen.
Eit kart over Grønland som vart laga i samband med rettssaka mot Danmark i Haag-domstolen. Kartet syner det området på austkysten som ein meinte Noreg hadde rettmessig krav på, og kalla Eirik Raudes land (oppe til høgre mellom dei to strekane på kartet der det òg står Mygg-Bukta). Kart frå Norsk polarinstitutts arkiv.
To år seinare, i 1921, då danskane markerte at det var 200 år sidan Hans Egede kom til Grønland og starta koloniseringa,
kringkasta Danmark at dei no hadde suverenitet over heile Grønland. Det innebar samstundes at monopolet, slik danskane praktiserte det i koloniane på
vestkysten, vart utvida til også å gjelde austkysten.
Danmark hadde forsøkt å
få Noreg til å stadfeste skriftleg fråsegna til Ihlen, men norske styresmakter svarte
at dei ikkje kunne akseptere ei dansk utviding av suvereniteten dersom
nordmenn mista retten til fangst og fiske på Aust-Grønland. Det var eit vilkår Danmark
ikkje kunne godta. Landet meinte difor at Ihlens munnlege erklæring frå 1919 var
ein tilstrekkeleg lovnad på den norske posisjonen.
Historisk
urett
I
Noreg forsterka den danske suverenitetserklæringa over heile Grønland ei kjensle
av at det hadde skjedd ein historisk urett etter unionsoppløysinga i 1814, då dei
gamle norske koloniane i det såkalla Noregsveldet i mellomalderen kom på danske
hender. Ein urett enkelte meinte måtte gjerast om ved at Noreg no fekk attende
heile Grønland.
Rett nok var det få som meinte at ein
skulle gå så drastisk til verks. Professor i historie Halvdan Koht sa til dømes
at Noreg i erstatningsoppgjeret med Danmark i 1821 hadde godteke at koloniane
på Vest-Grønland vart danske. Det var bittert og urettvist, men noko ein ikkje kunne gjere stort med, reint folkerettsleg.
Aust-Grønland, derimot, var ifylgje den seinare utanriksministeren
eit «herrelaust land». Difor, understreka Koht, dersom danskane heldt fast på
at dei hadde suverenitet over heile Grønland, var det tvillaust Noreg som hadde
«fyrsteretten til herredøme» over Aust-Grønland.
Danmark og Noreg tok til å forhandle om
spørsmålet, og Koht var med i kommisjonen som vart einig om ei mellombels løysing:
Nordmennene kunne drive næring på Aust-Grønland i 20 år, fram til 1944, men sjølve
spørsmålet om suverenitet over området skulle dei vente med å avgjere.
Nansens
kritikk
Fridtjof
Nansen likte dårleg «det skred av norskhet og national selvfølelse, som er
løsnet med Grønlands-saken», og «som saa mange bra nordmænd er revet med i». Han
gjekk ut i Tidens Tegn i 1924, dagen før Stortinget skulle handsame
austgrønlandsavtalen, og hevda at Grønland høyrde til korkje Noreg eller Danmark
– men at «Landets retmæssige eiere er eskimoene; og deres interesser er det som
skulde være de avgjørende».
Landets retmæssige eiere er eskimoene; og deres interesser er det som skulde være de avgjørende
Fridjof Nansen
Dette var tvillaust eit nytt perspektiv i
debatten. Mannen som hadde ført det norske flagget over innlandsisen i 1888, ein
ekspedisjon mange i Noreg hevda hadde styrkt det norske suverenitetskravet, bad no dei
«hysteriske på begge sider» om å roe seg. Han meinte det «beste og riktigste
som baade dansker og nordmænd, og andre folkeslag med, kan gjøre, om det var
mulig, vilde være at holde sig borte, og la eskimoene leve i fred uten
europæisk indblanding».
Nansen meinte rett nok at nordmenn måtte kunne
halde fram med fangst i dei folketomme områda av Nordaust-Grønland, men han
hadde lita forståing for at Noreg skulle eige det. Ynske om suverenitet – skreiv
han provoserande – «forekommer mig nærmest å måtte være den rene
forfengelighetssak».
Auka
aktivitet
Flaggheisning i Myggbukta ved okkupasjonen av Eirik Raudes Land 27. juni 1931. Fra venstre: Hallvard Devold, Eiliv Herdal, Ingvald Strøm?, Søren Richter og Thor Halle. Foto: Hallvard Devold.
Den
mellombelse og uavklarte løysinga i austgrønlandsavtalen førte i realiteten til
at både Noreg og Danmark auka den økonomiske og vitskaplege verksemda på nordaustkysten
av Grønland – for å styrkje suverenitetskrava sine.
I 1924 leidde til dømes den danske
polarforskaren Ejnar Mikkelsen ein flytteoperasjon, der 70 kvinner, menn og
barn frå Ammassalik på Søraust-Grønland emigrerte 1000 kilometer lenger nord,
til det området som nordmenn hadde erklært for folkelaust. Etableringa av ein
slik koloni ved innløpet til Scoresbysund-fjorden hadde rett nok vore planlagd lenge, men at det plutseleg vart gjennomført, var tvillaust ei direkte fylgje av
striden med Noreg – og at danskane ville vise effektiv suverenitetsutøving.
Noreg starta på si side med årlege
forskingsekspedisjonar, hadde ei rekkje overvintrande fangstfolk og ein bemanna
meteorologisk stasjon i Myggbukta. Og i 1929 etablerte begge landa eigne
næringsselskap for Aust-Grønland.
I 1930 gjekk Norges Svalbard- og Ishavsråd inn for
at Noreg skulle okkupere dei områda av Aust-Grønland som var «ingenmannsland».
Dette fekk dei ikkje regjeringa med på, men tre nordmenn, mellom dei grunnleggjaren
av Norges Svalbard- og Ishavs-undersøkelser, Adolf Hoel, fekk politimynde over
nordmenn som var i området. Like etter vart det kjent at Danmark skulle sende ein
omfattande treårig vitskapleg ekspedisjon, leidd av Lauge Koch.
Denne danske storsatsinga gjorde dei
norske grønlandsaktivistane urolege. Ein slik ekspedisjon ville gje Danmark eit
markant fortrinn i den rettssaka mange meinte ville kome for å avgjere suverenitetsspørsmålet.
Og då den norske regjeringa på nytt avviste forslaget om okkupasjon, tok tolmodet
slutt for aktivistane, med Hoel i spissen.
Dei ville ikkje sitje stille og sjå
Danmark vinne det dei meinte var norsk land. Og for å setje regjeringa under
press sende dei eit koda telegram til Myggbukta. Resultatet vart at fem
norske fangstmenn den 27. juni 1931 okkuperte eit område nord for Scoresbysund.
Eirik
Raudes land
Sjølve
okkupasjonen var ikkje meir avansert enn at fangstkarane gjekk til flaggstonga,
tok av seg luva og fotograferte hendinga ved hjelp av ei snor festa til
fotografiapparatet, slik at alle fem vart med på biletet. Så gjekk dei inn i
stasjonen og skreiv under fylgjande erklæring: «I dag, kl. 5 eftermiddag har vi
heist det norske flagg og tatt landet fra Carlsbergfjorden i syd til
Besselfjorden i nord i besiddelse i H.M. Kong Haakon den 7.s navn, og kalt
dette området Eirik Raudes Land.»
Deretter telegraferte dei nyhenda til norske
aviser. Men det vart ingen fest i Myggbukta. Den toårige ekspedisjonen nærma
seg slutten – og dei var tomme for alle festremedium. Til og med kaffi.
Telegrammet frå Myggbukta førte til ein stor debatt heime i Noreg, og etter to veker, 10. juni 1931, gjekk bondepartiregjeringa
til statsrettsleg okkupasjon av det same området. Dagen etter stemna
Danmark Noreg inn for domstolen i Haag.
Rettssaka
i Haag
Det
norske resonnementet for kvifor ein okkupasjonen var gyldig, var i hovudsak
slik: I 1814 hadde vestkysten av Grønland vore kolonialisert frå sørspissen til 73 grader nord. I 1894 vart kolonien Angmagssalik på søraustkysten
inkludert, og i 1905 vart det danske herredømmet på vestkysten utvida nordover til
74° 30’. «Ellers: Ingen dansk kolonisasjon», som det stod i eit notat før
rettssaka til Haag.
Dei leiande norske folkerettsekspertane i samtida meinte at Noreg hadde rett til å gå til okkupasjon i det herrelause landet.
Fylgjeleg måtte alt «ikkje-kolonisert» reknast som
«ingenmannsland», ifylgje dei norske juristane, som samstundes hevda dette var
allment akseptert: Korleis kunne ein på annan måte forstå at Danmark i 1916
hadde starta ein diplomatisk aksjon for å få anerkjent ei utviding av
suvereniteten?
På ein kombinert fangst- og meteorologisk ekspedisjon i 1922 reiste Johan A. Olsen frå Skulsfjord utanfor Tromsø denne hytta i Myggbukta. Då dei sende den første meldinga 14. oktober, via Jan Mayen til Tromsø, vart det ikkje berre det første vêrvarselet, men det første trådlause sambandet som nokon gong gjekk frå Grønland til omverda. Foto: Norsk polarinstitutt
Kva utanriksminister Ihlen hadde sagt, kunne
ikkje reknast som anna enn ein «underhåndsuttalelse». Samstundes: Danskane
hadde ikkje vore oppriktige. Dei hadde ikkje orientert om at dei skulle føre
inn monopolet også på austkysten.
Ifylgje det norske resonnementet var
okkupasjonen difor ikkje berre rettkomen, han var også naudsynt:
Suverenitetsspørsmålet hadde ikkje vorte løyst i austgrønlandsavtalen frå 1924,
og området kunne ikkje halde fram med å vere eit ingenmannsland, «fordi striden da
vilde bli permanent».
Dessutan var ein norsk okkupasjon naudsynt for å hindre
at ekspedisjonen til Lauge Koch skulle føre til dansk okkupasjon. Den norske
handlemåten var med andre ord, vart det påstått, einaste sjansen til å sikre
dei norske fangstinteressene for framtida.
Argumenta var likevel ikkje gode nok til
å overtyde dommarane i Haag. Den 5. april 1933 fall dommen. I Antarctichavn, der Helge
Ingstad hadde regjert som norsk sysselmann sidan 1932, tikka det inn eit
telegram: «Norge for Haag-domstolen tapt grønlandssaken i alle punkter.»
Kva
var saka uttrykk for?
Korleis
skal vi forstå den norske grønlandspolitikken? Som aggressiv imperialisme mot eit
naboland? Eller må vi heller sjå både den danske og den norske framferda som at
to ville frårøve grønlendarane landet deira?
Det er sjølvsagt lett å dele Nansens syn om at Grønland korkje høyrde til Danmark eller Noreg. Men i 1920- og 1930-talets folkerettstenking var inuittisk sjølvstyre eit alternativ ikkje eingong Nansen såg på som realistisk. Ein må difor kunne spørje om den norske
posisjonen – at denne kysten var folketom og fylgjeleg eit ingenmannsland – er
meir urimeleg enn den danske påstanden om at dei hadde rett til å utvide det koloniale
herredømmet sitt over heile Grønland.
Korleis skal vi forstå den norske grønlandspolitikken? Som aggressiv imperialisme mot eit naboland?
Harald Dag Jølle
Eg skal ikkje setje meg til doms over kven
som hadde rett i konflikten. Det gjorde domstolen i 1933. Poenget mitt, som mellom
anna kviler på forskinga til Einar-Arne Drivenes, er å få fram at grønlandssaka
ikkje er så spesiell som mange har ynskt å gjere ho – mellom dei historikaren Jens Arup Seip, som i 1963 hevda at det var ein liten gjeng uansvarlege ishavsimperialistar
som sette i gang ein okkupasjon og «drev landet inn i internasjonale
forviklinger på en måte som knapt noen av de statsmenn som virret omkring hadde
ønsket».
Dei leiande norske folkerettsekspertane i
samtida meinte at Noreg hadde rett til å gå til okkupasjon i det herrelause landet,
og fram mot okkupasjonen hadde Noreg stort sett same tilnærming som på
Svalbard, på Jan Mayen, i Antarktis og forsøksvis på Frans Josefs land. Høyr berre
korleis Adolf Hoel formulerte prinsippa for polar annektering: «Det første som
gjøres er å utsende forskningsekspedisjoner.» Dernest skulle ein opprette
«vitenskapelige og humanitære stasjoner og anlegg som f.eks. meteorologiske stasjoner».
Vidare var det viktig å oppmuntre og støtte «økonomiske foretagender». Til sist
måtte ein drive «agitasjon i innland og utland for å fremme sine formål. Det
reklameres da med det som er utført av arbeider til landets opkomst».
Det spesielle med grønlandssaka er at ein
privat okkupasjon førte direkte til ein statleg okkupasjon, som vidare hamna i Haag-domstolen.
Kong
Haakon og Grønland
Grønlandssaka
kan altså ikkje reduserast til historia om ein gjeng ishavsimperialistar som
forførte norske styresmakter. Det finst til dømes fleire vitnemål om at også kong
Haakon ikkje berre slutta opp om, men også spelte ei aktiv rolle i den norske framgangsmåten.
I fylgje advokat Per Rygh hadde kongen sagt at «det var hans Linje; det var
ham, som havde lagt den og drevet den igjennem». Nini Roll Anker, som kjende kronprins
Olav godt, skreiv at «kongen skal ha øvet sin innflytelse», og at han var
«begeistret for okkupasjonen av Østgrønland».
Andre kjelder peiker rett nok mot at kong
Haakon mislikte den private okkupasjonen, og han var redd framgangsmåten kunne
kome til å koste Noreg dyrt: «Situationen er forbandet, da vi meget let ved for
agresiv Optræden for at faa Sagen frem til Doms i Haag kan komme til at miste
ogsaa Brugsretten.»
Stortingspresident C.J. Hambro likte
heller ikkje okkupasjonen. Og den markante høgrepolitikaren var offentleg
kritisk til grønlandsaktivistane sin agitasjon, men det er liten tvil om synet hans
på Noregs historiske rettar på Aust-Grønland. I eit lukka stortingsmøte våren
1931 sa han at tanken bak austgrønlandsavtalen frå 1924, som han sjølv hadde vore
med på å få på plass, var at Noreg «i all stillhet skulde æte sig så fast inn
på Øst-Grønland». Og Hambro såg på sjølve avtalen som «en torn i Danmarks kjød,
som skulde holde såret åpent».