Historie

Då krigen kom til Vestlandet

Noreg var ikkje førebudd på krigen som skulle koma. Det skulle soldatar og offiserar få merka til fulle. I år er det 85 år sidan den andre verdskrigen kom til Noreg.

Gamle Vossegata i Voss sentrum står i brann. I tre dagar, frå 23. til 25. april 1940, vart bygda bomba. 86 hus i sentrum brann ned, berre seks forretningshus stod att.
Publisert Sist oppdatert

«Onsdag kom det ni fly klokka 9. Me stod her heime alle saman i floren. Brått vart her ein kraftig eksplosjon so glasrutene i fjøset vart innslegne. So såg me ein tjukk røyk vælte opp på Rykke. Me sprang mot skogen, men måtte kasta oss ned mellom stuvar og steinar rett som det var.»

Den andre verdskrigen var komen til Voss. Sitatet er henta frå dagboka til bestefar min, Arnfinn Gjerdåker. I ei årrekkje sat han ved stovebordet om kveldane og skreiv. Mest om gardsdrifta, men òg om hendingar i bygda og omverda elles. No skreiv han om den tre dagar lange bombinga av Voss frå 23. til 25. april 1940.

Dei 16 meter lange tyske tomotors Heinkel-flya, med eit vengjespenn på 22 meter og ei høgd på fire meter, hadde plass til pilot, navigatør/bombekastar, radiomann, skyttar – og ei bombelast på 2000 kilo.

Flya kom frå Sola flyplass og flaug i låg høgd over bygda, for det fanst ikkje luftvernkanonar på Voss. Oppe i lia ved folkemuseet kunne ein sjå ned på dei tyske pilotane som sat i cockpiten og uforstyrra kunne sleppa bombene over hus og bygningar og skyta med maskingevær inn skogane.

Året før hadde ordføraren bede om luftvern, sidan bygda hadde militære samlingsplassar og våpenlager, men Forsvaret avslo. Difor hadde dei berre mitraljøsene å verna seg med. Dei var til liten nytte, og kulene prella av flyskroga.

Store delar av gamle Vangen brann opp dei tre dagane bombinga vara. 150 hus vart øydelagde eller sterkt skadde. Ni menneske mista livet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement