Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Publisert Sist oppdatert

Sunniva Gylver er tilsett som ny biskop i Oslo bispedøme. Kvar står ho i dei sentrale lærespørsmåla i den kristne trua? Trur ho på helvetet og himmelen?

– I kyrkja er det fleire dogme som står fast. Vi kan ta kanskje det viktigaste først: Trur du at Jesus var Guds son?

– Ja. Eg forstår det ikkje, men eg trur det. Og eg lever og døyr i det. Det er ein umisteleg del av trua; alt avheng av det at Gud vart menneske, vart ein av oss, levde med oss, døydde og stod opp att, og gjennom det braut han døden og vondskapen sine lekkjer, som vi seier i nattverdsbøna.

– Trur du på arvesynda, altså at kvart menneske er født syndig?

– Ja. Eg trur at vi menneske er skapte i Guds bilete, «lite lågare enn Gud», som det står i Salme 8, og at vi er syndarar og prega av det vonde, at dette er del av menneskets eksistensielle grunnvilkår. Nettopp denne erkjenninga rommar mykje nåde i seg sjølv: Det er djupt menneskeleg å feile, vi kan ikkje la vere. Og så blir nåden rekt til oss, i Jesus Kristus, krossfesta og oppstanden. Følgd av ei radikal utfordring om å elske Gud og elske vår neste som oss sjølve. Det klarer vi sånn passe, difor treng vi ny nåde heile tida.

Domedag

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement