Kommentar
Ein kostbar omveg til klimamåla
Finansdepartementet har rekna ut at utan elbilstøtta ville statens inntekter frå bilar vore 50 milliardar kroner høgare i 2025.
Mange ladestasjonar og stor rekkevidd gjer det lett å kome seg fram med elbil. Men god klimapolitikk er det ikkje, skriv Øystein Sjølie.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
I fjor haust kjøpte eg endeleg elbil. Det var ein vanleg familieelbil til litt over 500.000 kroner, med plass til fem. På førehand hadde eg vore litt engsteleg for rekkevidda. Til dagleg køyrer eg ganske lite, men nokre gonger i året køyrer familien 500 kilometer utan tilgang til ladar.
Men snøggladarane som har skote opp langs motorvegane, har gjort denne rekkeviddeangsten heilt til skamme. Det tek no 15 minutt å lade bilen slik at han kan køyre i tre timar. Det er ikkje billeg å lade på snøggladarane, men sjølv det kostar mindre enn bensin per kilometer. For dei fleste er no elbilar eit utmerkt produkt.
Noreg har verdas høgste frekvens av elbilar. I 2024 var meir enn 90 prosent av alle nye personbilar i Noreg elektriske. Ei årsak til gjennomslaget er sjølvsagt kvaliteten på produktet, men det er heller ingen tvil om at avgiftsreglane er viktige.
På den nye bilen min betalte eg berre 5000 kroner i avgifter. Det var momsen på den delen av prisen som oversteig 500.000 kroner.
Skilnaden frå avgiftsregimet for fossilbilar er særs stor. Ein ny fossilbil av same storleik som elbilen min kostar kanskje 750.000 kroner, og da er innpå halvparten avgifter. Det er moms på heile importprisen. I tillegg kjem kjøpsavgifta, som er sett saman av vektavgift og ei avgift ut frå kor drivstoffslukande bilen er.
Noreg har verdas gunstigaste avgiftsregime for elbilar, og ingen land har ein så stor del elbilar i bilparken som oss. I USA er 10 prosent av nye bilar elektriske, og elbilane er i alle fall nesten like gode der, sjølv om dei har dårlegare opplegg for snøgglading.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.