«Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg?»
Det er nærare eitt år sidan klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk rapporten frå leiaren i Genteknologiutvalet, Anna Wargelius, men er vi noko nærare å skjøne kva han handlar om?
Foto: Javad Parsa / NTB
Genteknologi
Fleire enn fagfolka må forstå dette før vi slepper det laus.
Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg? Kanskje gjorde du det. NOU-en frå Genteknologiutvalet vart lagd fram i juni i fjor, og nett då fekk han litt merksemd – nokre kronikkar her og der og nokre avissaker og slikt. Men sidan har det vore stilt. Eller, mykje har skjedd i kulissane – NOU 2023: 18 Genteknologi i en berekraftig framtid har vore på høyring, og det har kome inn 263 høyringssvar.
Det er litt imponerande. NOU-en er 424 sider lang. Eg vert fyrst optimistisk av at han er utstyrt med eiga ordliste – men dett attende til jorda når «RdDM» er forklart som «RNA-avhengig DNA-metylering», utan at «metylering» er forklart vidare som eige oppslagsord.
Eg veit ikkje kva metylering er for noko, og eg trur ikkje eg er aleine. Gjer det meg – eller oss – for dumme til å uttale oss om ny genteknologilovgjeving? Eg håpar verkeleg ikkje det.
Vanlegvis skriv eg ikkje om problemstillingar eg ikkje skjønar. Denne veka gjer eg eit unntak. For kva som er mogleg og lurt og ikkje i genteknologien à la 2024, skjønar eg veldig lite av – og nett difor treng det å snakkast høgt om.
«Dersom det genteknologien kan gjere, er så likt det naturen kan gjere – er det då sikkert at vi treng den nye teknologien?»
Semje eller ikkje semje?
Ein ting skjønar eg likevel av NOU-en: at utvalet ikkje klarte å verte samde. Det vil seie, heilt utvalet meiner ei genteknologilov frå 1993 er meir enn moden for oppdatering – og at utviklinga har gjort genteknologi tryggare og betre enn det var. Men fleirtalet vil gå lenger i frisleppet av genteknologi enn mindretalet vil.
Det er altså ikkje semje blant fagfolka. Likevel: «Det er like bred faglig enighet om dette som at klimaendringene er menneskeskapte», skriv fleirtalsmedlemmane i eit innlegg i Nationen frå juni i fjor. Og med det set dei alle som kunne finne på å vere skeptiske, i bås med klimafornektarar – ein bås mange av oss ikkje har lyst til å vere i.
Klimaspørsmålet skil seg jo nettopp frå genteknologi ved at eg skjønar hovudprinsippa – fordi nokon har gjort det tilgjengeleg for meg: Eg skjønar samanhengen mellom CO2 og atmosfære og temperatur og vêr.
Eg skjønar ikkje kvifor det å endre på genetikken til planter som vi menneske og resten av økosystemet vårt er heilt avhengige av, er så uviktig at vi ikkje treng verken å spore, overvake eller merke slike produksjonsmetodar.
Dette er ei av endringane fleirtalet i Genteknologiutvalet går inn for: Veldig forenkla at genetiske endringar som er gjorde innanfor «genpoolen» til arten, ikkje skal følgjast opp etter at dei er godkjende. Igjen veldig forenkla grunngjev dei dette med at ei genetisk endring innanfor ein art liknar så mykje på tradisjonelt avlsarbeid at det eigentleg ikkje kan kallast genteknologi og difor ikkje treng den typen oppfølging.
Bevismakta
Kva om vi snur det på hovudet: dersom det dei kan gjere, er så likt det naturen kan gjere – er det då sikkert at vi treng den nye teknologien? Er det eigentleg forsvarar av tradisjonelle avlsmetodar som skal måtte bevise at genteknologi er skadeleg – eller er det genteknologien som burde bevise at det dei tilbyr, er naudsynt?
Eg har truleg nærare tusen fleire spørsmål: Korleis pregar det framstillinga at det nærast utelukkande er folk som jobbar i næringa, som er positive til frislepp? Kva med at utvalsleiaren sjølv har registrert fleire patentsøknader knytte til genetisk modifisert laks? Kvifor vert det i høyringssvara stadig vist til fagkompetanse som er kritisk, men som ikkje til stades i meldinga? (Som argument for genredigering hevdar utvalsfleirtalet at det til dømes kan fjerne tørròte som problem i potetdyrking. Den økologiske frødyrkaren Solhatt syner i sitt høyringssvar til den største potetsortutviklaren i Nederland, som uttaler at genteknologi er eit lite praktisk verkemiddel for dei.)
Forklaringar
Men viktigast – og vanskelegast – er likevel alle spørsmåla eg har knytt til sjølve teknologien. Genteknologi vil påverke oss alle. Då må vi, før vi tillèt det i nokon som helst grad, forvente eit språk og forklaringar vi alle kan henge med på – ikkje minst for å unngå å grave oss ned i konspirasjonsteoriar.
Kanskje er eg heilt for CRISPR og intern genflytting og oppdrettslaks som ikkje kan pare seg med villaks. Nett no er det vanskeleg å vite. Det er eit problem for meg – men det er næringa og fagfeltet sjølv som må løyse det.
Siri Helle er agronom, forfattar, journalist og fast skribent i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.