Kunstig intelligens I Magnus Furre Gjerde
Når maskiner lærer å tenkje – på kinesisk
Kinesiske DeepSeek blei stifta for mindre enn to år sidan. No skakar dei KI-verda med ein open KI-modell som kan konkurrere med dei beste amerikanske.
Trass i KI-konkurransen mellom USA og Kina flyt idear og nyskapingar kontinuerleg fram og tilbake mellom dei. DeepSeek-R1 er eit gjennombrot begge landa vil lære av.
Maxx-Studio
20. januar lanserte DeepSeek, eit ungt og (fram til no) relativt ukjent kinesisk selskap, ein ny KI-modell: R1. DeepSeek-R1 skaka den globale KI-industrien. Marknadsreaksjonen viska ut 1 billion (tusen milliardar) dollar frå amerikanske børsnoterte teknologiselskap.
Dette seier nok meir om aksjemarknadar enn om DeepSeek. Men likevel, DeepSeek har skapt rabalder, og med god grunn. «Dei som kan mest om kinesisk teknologi, er dei som er minst overraska over dette», sa Kina-ekspert Hans Jørgen Gåsemyr ved Nupi til NRK.
Det er ikkje heilt sant. DeepSeek har ikkje berre teke mange av oss utanfor Kina på senga. Også kinesarar blei tekne på senga.
Det er ikkje overraskande at Kina gjer framsteg innan KI. Kina har satsa tungt på KI og allereie laga mange gode KI-modellar, som til dømes Alibabas Qwen-modellar. Kva er det då som gjer R1 så oppsiktsvekkande? DeepSeek har klart noko berre leiande amerikanske KI-selskap har meistra: å skape ein ny type KI-modell, trent til å resonnere.
Og ikkje berre det – dei gjorde modellen og metodane bak han fritt tilgjengelege for alle.
For å forstå kva dette betyr, må ein sjå på den tekniske utviklinga som leia fram til dette gjennombrotet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.