Tyskland I Astrid S. Dypvik
På yttersida
Dresden: Venstresida kranglar, og høgresida fossar fram. Den tyske valkampen er blitt ein stad der alt kan skje.
Sahra Wagenknecht, leiar av Bündnis Sahra Wagenknecht (BSW), taler i Forbundsdagen under den siste planlagde sesjonen før det tyske valet.
Liesa Johannssen
Ho rekk akkurat å seie «God kveld, Dresden» før ho byrjar raljere over den sittande regjeringa – taparregjeringa til Scholz, som ho seier.
– Dei har ført landet inn i økonomisk resesjon. Matvareprisane galopperer, straumkostnadene eksploderer, og dei har dratt landet inn i ein krig. Og no ber dei om attval. Kor dumme trur dei eigentleg at vi er?
Sahra Wagenknecht snakkar sakte, stemma er fast. Ho gestikulerer med hendene for å hamre poenga sine inn i den jublande tilhøyrarskaren. Ho står på eit podium inne i det som er den største hallen på messeområdet i Dresden. Det er fleire hundre tilhøyrarar, alle stolane er tatt, og lengst bak står dei som var for seint ute til å sikre seg plass. Ved sida av podiet heng eit banner som viser ei kvit due med utslåtte venger og teksten «Landet vårt vil ha fred».
Etablert i fjor
Wagenknecht er sjef for partiet med det kronglete namnet Forbundet Sahra Wagenknecht for fornuft og rettferd, forkorta: BSW. Partiet vart stifta i fjor. Kjernetroppane er utbrytarar frå partiet Die Linke, Tysklands ytre venstre-parti som Wagenknecht var leiar for – før ho kom på kant med den delen av partiet som var opptatt av klimapolitikk, antirasisme og kjønnsmangfald. Dei Wagenknecht omtaler som «dei sjølvrettferdige» i ei bok med same tittel som vart ein bestseljar for nokre år sidan. Her gav ho dei sjølvrettferdige – klimafolket og antirasistane – skulda for den fallande populariteten til partiet.
I BSW gjer ho som ho vil. No om dagen ligg både det nye partiet og det gamle, Die Linke, rundt sperregrensa. Målet med å oppsøke denne hallen i Dresden er altså ikkje å finne ut kva som går godt i tysk politikk, men å finne ut kva som har gått skeis. Regjeringa til Olaf Scholz er snart historie, og ho ligg an til å gå inn i historiebøkene som den mest upopulære regjeringa på svært, svært lenge.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.