Kommentar

Skuleskapt skulevald

Det er på tide å granske skulen og slutte med politisk moralisering.
  

Ein ny læreplan endrar ingenting, så lenge ein ikkje skil mellom kunnskap og informasjon, og frigjer elevar og lærarar frå ein tilstand som produkt og produksjonsutstyr, skriv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.
Publisert

I om lag 25 år no har ein i skulen operert med ein definisjon av vald som handlingar som krenkjer, skadar eller skremmer, sett frå offerets side. På dette kvarte hundreåret har ein måtta utvide oppfatningane om krenking, trugsmål, skadeverknader monaleg, især av di alle digitalt har tilgang til kraftige middel for sjikane og skadeverk mot den sosiale rolla og livet til folk.

Her ligg litt av grunnen til at valden har auka. Det virtuelle rommet fritek for kjensla av tid og rom, dei ansvarleggjerande sosiale og fysiske omgjevnadene. Då er der heller inga kjensle for årsaker og verknader når ein låtteleggjer, avslører, spreier rykte og bilete og kva det enn er.

Utan nettvit

Heilt utan opplæring i nettikette (etikk i bruk av nettet), i meistring av hypertekst og navigering i det forvillande mylderet av informasjon som kan få nokon kvar i alle aldrar til å miste fotfestet, heiv styresmaktene inn digitalt utstyr på skulane, og mange stader tvingar ein igjennom bruken.

Lærarane fekk ei langt hardare oppgåve med å motprove lause påstandar, alternative fakta, falske nyhende og alskens mytar og legender nettet kunne varte opp med. Kritisk tenking, som i fem år har vore eit tversgåande tema, var ikkje lenger sjølvkritikk og utvikling av sunn argumentasjon, slik det har vore sidan antikken, men skepsis overfor alt og alle, særskilt ein korrigerande og rettleiande lærar.

Åtferdsregulering

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement