Kommentar

Snevert grunnlovsframlegg om språk

Endeleg vil eit breitt fleirtal i Stortinget grunn­lovfeste norsk språkpolitikk. Diverre er framlegget innsnevrande og grunngivinga overflatisk.

I 1814 vedtok riksforsamlinga på Eidsvoll at dei som blir tilsette i embete i staten, skal «tale Landets Sprog». Det kravet gjeld framleis.
I 1814 vedtok riksforsamlinga på Eidsvoll at dei som blir tilsette i embete i staten, skal «tale Landets Sprog». Det kravet gjeld framleis.
Publisert Sist oppdatert

Representantar frå alle partia i Stortinget utanom Framstegspartiet la 20. juni fram Grunnlovsframlegg 4 med ny paragraf 120 b i Grunnlova på nynorsk og bokmål: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»

Dette er ikkje så greitt som det ser ut, og kan vere prisen for brei semje.

Viktig meiningsskifte

På 200-årsdagen for Ivar Aasens fødsel 5. august 2013 vitja representantar for alle partia Aasen-tunet. Der og då kunngjorde partileiar og kommunal- og regionminister Liv Signe Navarsete at ho ville føreslå å grunnlovfeste jamstillingsvedtaket frå 1885. Ikkje veit eg kva som skjedde, men framlegget kom aldri til talarstolen i Stortinget.

Carl I. Hagen og Finn-Erik Vinje hadde i 2008 fremja forslag om å modernisere det opphavlege danske språket i Grunnlova. Etter eit initiativ frå rådsordførar Morten Søberg bad rådet i Nynorsk kultursentrum våren 2010 Stortinget om at Grunnlova også skulle kome på nynorsk. Med dette utspelet hekta stiftarane i Nynorsk kultursentrum seg på den prosessen som så vidt var i gang.

Etter ymse om og men gjekk Ap, Sp og SV i 2012 inn for ei modernisert grunnlov på bokmål og nynorsk. H og Frp røysta for subsidiært, men V og KrF var grunnlovskonservative og røysta mot. Partia rakk så vidt å skifte meining i dagane før 6. mai 2014. Då vedtok Stortinget med 168 røyster mot 1 heile Grunnlova på nynorsk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement