Samfunn

Snuoperasjonar

Kan ein eigentleg vere litt for og litt mot Donald Trump? 
 

Det var i Nyhetskompaniet på TV 2 med programleiar Rune Kjos i fjor at Jan Petter Sissener kom med si støtte til Donald Trump. Det skulle han ikkje gjort, meiner han no. Elles i studio: Bahare Viken og Eirik Bergesen.
Publisert

– Eg må berre melde at når det gjeld Trump, har eg tatt jævlig feil, sa finansforvaltar Jan Petter Sissener til Dagens Næringsliv i førre veke.

Han fortsette: «Jeg trodde at fyren var intelligent, men det er han åpenbart ikke. Han er bare en big bully. En mobber», sa han, og av den utsegna blei det avisoverskrifter. «Jan Petter Sissener innrømmer feil om Trump», skreiv Dagens Næringsliv. «Finanstopp snur om Trump», skreiv Finansavisen, mens Dagbladet valde overskrifta «Snur om Trump: – Tatt jævlig feil».

I sosiale medium blei det igjen full kok, for Jan Petter Sissener er ikkje den einaste som dei siste vekene har snudd i synet på presidenten i USA. Christian Tybring-Gjedde, som to gonger har nominert Donald Trump til Nobels fredspris, snudde etter talen til visepresident J.D. Vance under tryggingskonferansen i München i februar. Podkastaren Ole Asbjørn Ness har snudd, det same seiest om den kristenkonservative Bjarte Ystebø. Og Vebjørn Selbekk, sjefredaktøren i den kristne avisa Dagen, oppmoda kristne Trump-supporterar om å snu.

«Det er for mange kristne som drikker fra hans giftpakke. Vend om, før det er for seint», blei det høgstemte sitatet i VG.

Kvifor får desse omvendingane så stor merksemd? Fordi dei nyvekte no har slutta seg til det fleirtalet i ålmenta meiner er den einaste fornuftige forteljinga om Donald Trump. Dessutan likar vi at folk innrømmer feil, at dei kryp til korset og legg seg flate, ja, slik at vi kan uttrykke hovmodige variantar av kva var det eg sa, velkomen etter og ja, kven kunne vel ant at Donald Trump var ei slik global bølle – med syrleg snert.

SKYT FRÅ HOFTA

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement