JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

10241
20241004

Bakgrunn

Dette er saka:

Regjeringa la nyleg fram ei stortingsmelding om 5.–10. trinn i grunnskulen.

Eit av tiltaka er å påby ungdomsskulane å tilby arbeidslivsfag.

Ungdomsskuleelevar vil kunne velje mellom framandspråk, fordjupingsfag og arbeidslivsfag.

Det vert opna for ein debatt om opplæring i framandspråk i grunnskulen.

10241
20241004

Bakgrunn

Dette er saka:

Regjeringa la nyleg fram ei stortingsmelding om 5.–10. trinn i grunnskulen.

Eit av tiltaka er å påby ungdomsskulane å tilby arbeidslivsfag.

Ungdomsskuleelevar vil kunne velje mellom framandspråk, fordjupingsfag og arbeidslivsfag.

Det vert opna for ein debatt om opplæring i framandspråk i grunnskulen.

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

SKULE

christiane@dagogtid.no

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har fått mykje merksemd for å vilje gjere skulen meir praktisk og yrkesretta. Då ho nyleg la fram ei ny stortingsmelding om 5.­­–10. trinn i grunnskulen, la ho vekt på at det norske samfunnet vil trenge 90.000 fleire fagarbeidarar, og at fleire i grunnskulen må få smaken på fagarbeidaryrka.

For å oppnå det vil ho gje fleire elevar på ungdomsskulen høvet til å velje praktiske arbeidslivsfag. Ungdomsskuler kan i dag velje å tilby arbeidslivsfag som alternativ til framandspråk og fordjupingsfag. No vil Nordtun påleggje skulane å ha eit slikt tilbod. Samtidig som kunnskapsministeren framsnakka arbeidslivsfag, etterlyste ho eit ordskifte om språkfaga – ei etterlysing som skapar uro blant lærarar i framandspråk som tysk og fransk. For skal satsinga på arbeidslivsfag gå på kostnad av språkfaga?

«Lite relevant»

Signala frå Nordtun kan tolkast i ulike retningar, så vi lyt sitere henne direkte:

«Så skal vi også se på fremmedspråkets rolle i skolen. Her vet vi to ting. Både at mange elever sier de opplever faget som lite relevant. Og at de som ikke velger fremmedspråk på ungdomsskolen, får færre muligheter på videregående. Dette gjør at færre kanskje velger å ta arbeidslivsfaget. Derfor skal vi høre åpent et spørsmål om fremmedspråkets omfang og innretning i grunnskolen.»

På same tid står det i stortingsmeldinga at dei elevane som ønskjer framandspråk, skal få god og relevant språkopplæring, og at regjeringa vil vurdere kva som kan bidra til det.

Brev frå skulen

For dei som ikkje har inngåande kunnskap om korleis ungdomsskulen fungerer i dag, kan kanskje regelverket Nordtun viser til, verke litt kryptisk. For ungdomsskuleelevar og foreldra deira er det kjent stoff.

Alt våren før ein elev startar på ungdomsskulen, får eleven og foreldra eit brev frå skuleleiinga med detaljert informasjon om kva reglar som gjeld for val av framandspråk. Eg skal forklare dei her, i korte trekk.

Dersom ein elev i dag vel framandspråk på ungdomsskulen, som spansk, fransk eller tysk, kan eleven halde fram med framandspråket i to år på studiespesialiserande på vidaregåande, og står deretter fritt til å fordjupe seg vidare i språket eit tredje år. Alternativt kan eleven fordjupe seg i noko heilt anna, som til dømes realfag, som er nødvendig for å få opptak til ein del vidare studium.

Dersom ungdomsskuleeleven i staden vel bort framandspråk på ungdomsskulen og går vidare til studiespesialiserande, har eleven ikkje den same valfridommen. For då må eleven fullføre tre år med framandspråk på vidaregåande, og får ikkje høve til å fordjupe seg på den same måten i realfag, om eleven skulle ønskje det.

Ein del foreldre vil truleg, etter å ha lese brevet frå skulen, rå barnet sitt til å velje framandspråk for å ha større valfridom seinare.

Meir populært

Slik skulen er innretta i dag, står altså arbeidslivsfaget i eit konkurranseforhold til framandspråk.

Tal frå Framandspråksenteret viser at langt fleire elevar i dag vel framandspråk enn arbeidslivsfag, men at pilane peiker oppover for arbeidslivsfag.

I skuleåret 2019–2020 valde 11,6 prosent av 8.-klassingane arbeidslivsfag, medan 75,5 prosent valde framandspråk. I 2023–24 var prosentdelen med arbeidslivsfag auka til 15,8, medan prosentdelen med framandspråk var redusert til 73.

Spansk har i mange år vore det mest populære framandspråket blant skuleelevar. I skuleåret 2023–2024 valde 39,3 prosent av elevane spansk, 22,2 prosent tysk og 11,2 prosent fransk.

Ifølgje stortingsmeldinga er arbeidslivsfag eit tilbod ved 75 prosent av skulane, og ved desse skulane var det i førre skuleår om lag 18 prosent av elevane som hadde faget. Når faget vert obligatorisk, vil det openbert endre tala. Ei endring i reglane for språkfag kan gjere det same.

Kritisk

Fransklærar Selma Tanovic er både kritisk og spørjande til signala frå Nordtun. Tanovic er leiar for Fransklærerforeningen i Norge og oppfattar det Nordtun har sagt, som ein kritikk av den jobben fransklærarar gjer. Ho fortel at ho nyleg har vore på språkkonferanse på Gardermoen, der ho trefte mange fagfolk som er uroa.

– Det kan verke som om ho ikkje meiner vi driv med kvalitetsopplæring. Det er uklart kva ho vil gjere med faget, for framandspråk er alt i dag eit praktisk fag. Vi nyttar til dømes digitale verktøy, vi øver på kommunikasjon, jobbar med å forstå ulike kulturar og lagar mat frå ulike delar av språkområdet.

Slik Tanovic ser det, vert språkfag stadig nedprioriterte av norske politikarar, medan realfag vert prioriterte. Eit døme på det er at ekstrapoeng for å fordjupe seg i framandspråk på vidaregåande skule vil verte fjerna frå og med opptaket til høgare utdanning i 2027.

– Dette har vore eit vanskeleg språkpolitisk år. Berre 11 prosent av elevane vel fransk i dag. Faget står alt i dag i ein sårbar posisjon, og vi konkurrerer mot andre fordjupingsfag, seier Tanovic, som meiner fransk har fått eit urettvist rykte som vanskeleg.

– Den oppfatninga må vi snu. Eg fortel elevane mine at om lag 80 prosent av engelsk stammar frå fransk. Og dei elskar fransk.

Foto: Akademiet

«Dette har vore eit vanskeleg språkpolitisk år.»

Selma Tanovic, leiar for Fransklærerforeningen i Norge

For låg kompetanse

Petra Biesalski leier språkarbeidet ved Goethe-Institut Norge, som har som oppgåve å fremje tysk språk og kultur. Ho har også skrive lærebøker i tysk. Biesalski seier ho har stor forståing for at kunnskapsministeren vil gjere skulen meir praktisk med obligatorisk arbeidslivsfag. Men dersom fleire ungdommar får avgrensa opplæringa i tysk eller andre framandspråk til tre år på vidaregåande, vil det få konsekvensar, påpeiker ho.

– Av erfaring veit eg at elevar som har hatt tysk i tre år på vidaregåande, berre har grunnleggjande språkkunnskapar, som ikkje vil halde ved studieutveksling, til dømes.

Biesalski spør korleis signala om framandspråk i ungdomsskulen heng saman med synet på internasjonalisering i høgare utdanning. Regjeringa har mellom anna som mål at fleire norske studentar skal reise på utveksling til ikkje-engelskspråklege land.

– Eg etterlyser eit godt løp for dei som er interesserte i framandspråk, seier ho.

Vil starte tidlegare

Både Tanovic og Biesalski meiner norske elevar burde starte med opplæring i framandspråk, utover engelsk, tidlegare enn i 8. trinn, slik ordninga er i dag.

– Eg veit ikkje om andre europeisk land som startar opplæringa i framandspråk så seint. Ved starten på ungdomsskulen er barna i ein vanskeleg fase i livet, i puberteten, og eit nytt språk vert ikkje oppfatta som så spennande lenger.

Biesalski håper regjeringa vil vurdere å introdusere framandspråk tidlegare, og på ein leiken måte.

– Jo fleire språk du blir kjent med som barn, jo lettare er det for deg å handtere fleire framandspråk seinare.

– Mange nordmenn snakkar godt engelsk. Er trongen for fleire framandspråk så stor?

– Mykje kan gjerast på engelsk, men i dei store landa i Europa, som Tyskland, Frankrike og Spania, er folk framleis ikkje like gode i engelsk som i Noreg. Ein når ikkje fram på den måten ein treng i næringslivet, til dømes. Dette handlar også om kulturell kompetanse.

Færre søkjarar

Samtidig som kunnskapsministeren startar ein debatt om omfang og innretning av framandspråka i grunnskulen, står vi i ein situasjon der stadig færre søkjer seg til tysk og fransk ved høgskular og universitet.

Avisa Khrono rapporterte i mai om reduserte søkjartal til tysk, fransk, japansk og kinesisk dei siste fem åra. Berre til spansk aukar søkjartala.

Gerard Doetjes, som er leiar ved Framandspråksenteret, åtvara om at Noreg kan mangle språklærarar i nær framtid.

Eg spør Tanovic og Biesalski om dette er ein situasjon som uroar dei.

­­– Det gjer meg svært uroleg. Eg er redd politikarane tek avgjerder utan å lytte til innspel frå fagfolk, seier Tanovic.

– Absolutt, det er stor grunn til å vere uroleg, for Noreg går glipp av fagfolk som kan oppretthalde banda Noreg har til andre land og kulturar. Dette er ein kritisk situasjon for Noreg, som gjer at ein bør innføre tiltak. Til dømes bør fordjuping i språk gje ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning. Vi synest ikkje det er smart å fjerne dei, seier Biesalski.

Treng oppdatering

Er framandspråkopplæringa for lite praktisk? Eva Thue Vold er professor ved Universitetet i Oslo, med ekspertise på framandspråkundervisning. Ho seier undervisninga varierer frå ein skule til ein annan.

– Eg er mykje på skulebesøk og ser utruleg mykje god undervisning, som både er gøy, relevant og praktisk. Nokre stader heng ein igjen i meir tradisjonelle undervisningsformer. Det passar for enkelte elevgrupper, men ikkje for andre. Det vi treng, er variasjon.

Vold meiner profesjonell utvikling må verte prioritert. Ho får høyre frå faglærarar at små fag, som framandspråk, gjerne ikkje vert prioriterte når kursressursane på skulane vert fordelte.

– Mange er også aleine på sin skule. Ein skule skal vere ganske stor for å ha to fransklærarar. Mange treng kollegaer og eit lite dytt for å gjere nye ting.

Debatt om prioritering

Nordtun har ikkje hatt høve til å stille til intervju om denne saka. Kommunikasjonsavdelinga har derimot sendt nokre generelle kommentarar frå Nordtun, der ho tek opp att bodskapen som er nemnd i starten av artikkelen.

Nordtun understrekar at regjeringa ikkje foreslår å fjerne framandspråk frå ungdomstrinnet, og heller ikkje har trekt nokre konklusjonar om kva omfang og innretning framandspråkopplæringa skal ha.

– Eg meiner det er viktig at vi no tek ein debatt om prioritering i norsk skule. Vi har ein lei tendens til å berre legge noko til når det er behov for noko nytt, men vi tar sjeldan noko bort. Når vi ser dei mange negative utviklingstrekka, må vi vurdere grep som kan bidra til å snu utviklinga.

Fleire artiklar

Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.

Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Konglebitaren – den fargerike vandraren frå nord

Naïd Mubalegh
Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.

Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Konglebitaren – den fargerike vandraren frå nord

Naïd Mubalegh

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»

Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.

Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Propaganda på agendaen

Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.

Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.

Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.

Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Fredsavtale med biverknader

Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.

I starten av krigen sa Benjamin  Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.

I starten av krigen sa Benjamin Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ettersøkt, men på offensiven

I førre veke blei Benjamin Netanyahu etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er kanskje det største diplomatiske nederlaget i staten Israels historie.

Morten A. Strøksnes
I starten av krigen sa Benjamin  Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.

I starten av krigen sa Benjamin Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ettersøkt, men på offensiven

I førre veke blei Benjamin Netanyahu etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er kanskje det største diplomatiske nederlaget i staten Israels historie.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis