JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Vårt store utland

Framandspråk: Er det barnemishandling eller utviklingsgrunnlag?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Berit Keilen / NTB

Foto: Berit Keilen / NTB

3276
20241004
3276
20241004

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Kommentar

Noreg er eit land med forferdeleg mykje utland. Utettervende har vi alltid vore, mest same kva vi har drive med: falkefangst, tømmerdrift, gruvedrift, fiskeri, sjøtransport og mykje anna. Det fyrste noregskartet er frå 1662 og vart laga av ein hollendar, Johannes Blaeu. Så alt i god tid før vi systematisk skildra vårt eige land, gjorde utlendingar det, og var opptekne av oss.

Der er stor utveksling av termar og omgrep frå mange språk vi har hatt kontakt med gjennom arbeidsliv. Slikt er ikkje berre arv frå sams språklege røter, men er gjensidige gåver språka imellom, der det praktiske livet, ikkje minst handelen, har kravd og krev visse sams forståingsmåtar.

Paradoksalt nok er vi meir isolerte di meir internasjonale vi påstår oss å vere. Europa er stort sett berre kjent for dei fleste gjennom ferieturar – somme tider studieopphald og arbeid. Likevel har talet på elevar som gjerne vil ha framandspråk attåt engelsk, jamt auka over år, om ikkje nett eksplosivt. Men medan interessa mellom studentar fylgjeleg har vore klårt stigande, vert det jamt færre studieplassar.

Dårleg engelsk tykkjest vere det mest utbreidde språket i Noreg. Ein får inntrykk av at politikarane våre tykkjer vi klarar oss med det. Dette er ikkje heilt feil, heller. Somme får strålande internasjonale karrierar, slik utstyrte.

Vi har òg dei som talar retteleg godt engelsk. Våre folk kan somtid briljere meir i engelsk enn mange kollegaer i mange samfunnssektorar i andre land der heimemålet deira også er verdsspråk. Å tvinge desse til å tale engelsk heile tida når vi ikkje skjønar deira språk og kultur, kan opplevast som ei form for maktbruk overfor dei vi møter. Det vert det ikkje nære relasjonar av.

Å ha folk til hjelp som kan syne at vi har respekt for dei vi vil ha samarbeid med, er ofte avgjerande for resultatet. Det går òg hin vegen; makttilhøva kring eit bord er langt på veg avgjorde av kven som rår over det språket som vert nytta, og då er engelsk – same i kva for skikk – svært ofte utilstrekkeleg til at ein nordmann kan skjøne kva som går føre seg.

I andre land vil dei vi møter, gjerne skjøne kven dei møter når vi dukkar opp. Også i næringslivet må ein rett som det er kunne tale saman om kultur, finne møtepunkt for gjensidig forståing. Å filtrere den kulturelle forståinga gjennom dårleg eller god engelsk er ofte ikkje godt nok.

Latinen har hatt ein skrekkens plass i offentleg mytedanning sidan Alexander Kielland skreiv Gift (1883). No kan det verke som om framandspråk skal ta over den rolla. Og det på grunn av ein teknikalitet, nemleg at somme opplever det som ei syndestraff at eleven må «ta igjen» framandspråk om han ikkje har valt det tidlegare.

Å tale (og gjerne skrive) velflytande framandlandske kvardagsspråk er alt anna enn teoretisk kunnskap som står imot praktiske dugleikar. Det handlar sjeldan om å plukke halvgløymde minnebrokkar fram or synapsane. Derimot gjeld det å vere fullt til stades, der og då. Å vere utvungen i eit framandspråk er å vere praktisk effektiv – i kvart møte med det store utlandet vårt.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis