Interessa til Trump for mineralressursane i Ukraina handlar meir om strategi enn om økonomi, meiner seniorforskar Arne Petter Ratvik.
Dagbrot i Zavallja i det sentrale Ukraina, ein av dei største grafittførekomstane i Europa. Her har det blitt utvunne grafitt i 90 år.Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB
Etter harde forhandlingar inngjekk Ukraina og USA onsdag ein samarbeidsavtale om utvinning av mineral, olje og gass på ukrainsk jord. Kva avtalen fører til i praksis, er enno ukjent. Det same kan ein seie om omfanget av mineralressursane i Ukraina.
Samtalen
Arne Petter Ratvik er seniorforskar ved Sinteff
Aktuell: Mineralavtale mellom USA og Ukraina
Arne Petter Ratvik er seniorforskar ved Sintef Industri.
– Ukraina har visstnok førekomstar av 20 av dei 55 minerala på lista over råstoff som er kritiske for amerikansk industri og forsvar. Men kor rikt er eigentleg landet på mineralressursar?
– Vi vet at ukrainarane sit på ganske store ressursar. Dei har mykje litium, titan og grafitt, i tillegg til nokre sjeldne jordartar. Men ein god del av mineralressursane deira er i område som Russland no okkuperer. Til dømes gjeld det kring 60 prosent av dei ukrainske kolførekomstane. Dette er noko som styrkar den strategiske posisjonen til russarane, som frå før sit på store mengder av mineral som Europa treng.
– Eg har trudd at den store naturressursen til Ukraina var den djupe, rike svartmolda. Men det er meir nede i grunnen i landet?
– Ja, anslaga tyder på at Ukraina har ein ganske stor del av mineralførekomstane i Europa. Dette er nok bakgrunnen for at USA har interessert seg for å få tilgang på minerala der. Når det gjeld sjeldne jordartar, er det i dag Kina som er den store produsenten, og forholdet mellom Kina og USA er ampert. Her spelar strategiske omsyn ei viktig rolle.
Også Europa treng desse råstoffa til industrien, samtidig som vi ikkje vil ha gruver.
Arne Petter Ratvik
– Vi skal kome attende til dei sjeldne jordartane. Men eit anna stoff Ukraina har mykje av, er litium?
– Ja, og det er veldig viktig for mellom anna batteriproduksjon. Men førekomstane av litium er jamnare fordelte rundt i verda. I Europa er det mellom anna planer om å starte litiumutvinning i Finland.
– Ukraina har òg store mengder titan, eit lett og sterkt metall som er mykje brukt i forsvarsindustrien i verda?
– Også titan er økonomisk viktig, og står på EU-lista over kritiske stoff for industrien. Det same gjeld grafitt, som mellom anna blir brukt i metallurgisk industri og i batteriproduksjon, og som Ukraina òg har mykje av. Men heller ikkje desse råstoffa er av dei vanskelegaste å få kjøpt på verdsmarknaden.
– Så er det desse minerala som blir kalla sjeldne jordartar, som Ukraina også har ein del av. Kva er dei mest dyrebare av desse?
– Generelt er det stoff som neodym og praseodym, som mellom anna blir brukte i magnetar til elektriske drivverk. Også dysprosium og terbium er viktig i drivverk som må tåle temperaturar over 100 °C. Dei blir òg nytta i mellom anna vindturbinar, fly og våpenindustrien. Desse stoffa er dei best betalte av dei sjeldne jordartane.
– Kor i verda blir sjeldne jordartar utvunne i dag?
– Kina er den desidert største produsenten. I tillegg har du ein del utvinning i Australia, men det meste av produksjonen der har Japan sikra seg. Det skjedde i ein periode med eit særs spent spent forhold mellom Japan og Kina.
– USA er langt frå sjølvforsynt med sjeldne jordartar i dag, og får storparten av det dei treng, frå Kina. Men industrien i Europa er kanskje enda meir sårbar enn den amerikanske er?
– Ja, Europa er heilt avhengig av import frå Kina. EU har som strategisk mål å bli meir sjølvforsynt med mineral, men dit er det langt att. Ein grunn til det er at Europa er den delen av verda der folk er mest skeptiske til gruvedrift.
– Det heng vel dels saman med at Europa er den tettast folkesette verdsdelen. Folk har ikkje lyst til å få huset sitt rive fordi nokon skal grave etter mineral i bakken?
– Nei. Men paradokset er at også Europa treng desse råstoffa til industrien, samtidig som vi ikkje vil ha gruver. Vi godtek derimot at utvinninga av minerala vi treng, går føre seg med store klimagassutslepp, naturøydeleggingar og dårlege arbeidsforhold i andre delar av verda, til dømes i land som Kongo.
– Det sirkulerer nokre svimlande høge tal for verdien av mineralressursane i Ukraina. Somme hevdar det kan vere snakk om 120 billionar kroner. Men desse anslaga må vere ekstremt usikre?
– Dei er det. Det krev veldig stor innsats å kartlegge mineralførekomstar, og eg blir svært overraska om alt er kartlagt. Men at Ukraina har ein god del strategisk viktige mineral, er det ikkje tvil om.
– Det er òg vanleg å overdrive verdiane av mineralressursar. «Ei gruve er eit hol i bakken med ein løgnar på toppen», heiter det i eit gammalt visdomsord. Og det er stor skilnad på brutto og netto i denne bransjen.
– Ja, gruvedrift kan vere ei svært usikker forretning. Mineralutvinning er kostbart og ressurskrevjande, og prisane kan svinge mykje og fort. Sidan sjeldne jordartar finst i relativt låge konsentrasjonar, gjer det dei ekstra dyre å utvinne. Kor lønsam utvinninga av mineral blir, veit ein eigentleg ikkje før ein kjem i gang.
– I fjor fekk den ukrainske staten inn drygt 10 milliardar kroner i skatt frå gruvedrift, skriv The New York Times. Det er ikkje så overveldande til å vere eit så stort land?
– Nei, det er ikkje det. Generelt er det ikkje veldig høg profitt i gruvedrift. Det er ikkje slik inntening som til dømes Elon Musk er van med frå selskapa sine. Interessa frå USA for minerala i Ukraina handlar nok mest om konflikten med Kina og om å sikre seg tilgang på viktige råstoff.
– Initiativet til å få USA til å engasjere seg i mineralutvinning i Ukraina skal ha kome frå Zelenskyj sjølv før jul. Ukraina har ikkje mange forhandlingskort på handa. Kan det vere at ukrainarane snakka opp verdien av ressursane sine for å fange interessa til Trump?
– Det veit eg ikkje. Men det vi veit, er at Ukraina faktisk har hatt ein ganske stor andel av mineralutvinninga i Europa, og at dei har store ressursar i bakken.
– Men om gruvedrift i Ukraina var ekstremt profitabelt, ville truleg store amerikanske selskap vore tungt involverte for lengst. Det er dei ikkje?
– Det er nok så enkelt som dette: Eit gruveselskap vil ha utsikter til profitt om dei skal investere. Og dei industriselskapa som skal kjøpe minerala, vil betale minst mogleg for råstoffa. Når kinesarane har blitt så dominerande på marknaden for til dømes sjeldne jordartar, er det ganske enkelt fordi dei kunne tilby dei til lågare prisar enn alle andre.