Kommentar
Tvers gjennom lov til siger
Demokratiet og rettsstaten i USA står på spel i striden mellom presidenten og domstolane.
Teikning: May Linn Clement
Oppgjeret har vore varsla lenge, og uttrykket «konstitusjonell krise» vart utslite alt før det vart alvor. Men no er kanskje tida inne for at president Trump og folka hans ope nektar å bøye seg for domstolane. I så fall er USA verkeleg på veg inn i eit nytt politisk landskap, der maktfordelinga kollapsar og styresettet blir langt meir autoritært. Om presidenten vel å setje hardt mot hardt overfor dommarane, er det han som har maktmidla på si side.
Dei siste to månadene har det alt vore mange samanstøytar mellom Trump og domstolane. Ei rekke presidentordrar og andre tiltak frå regjeringa har blitt stogga av ulike dommarar. Men denne veka hardna det til for alvor, etter at ein dommar sette foten ned for deportasjonen av 261 venezuelanarar frå USA til El Salvador.
Æreskjelling
Mange av dei deporterte var skulda for å vere gjengmedlemer, men dei var ikkje dømde. Heimelen for deportasjonen var henta frå ei lov frå 1798 som tidlegare berre hadde vore nytta i krigstid, seinast under den andre verdskrigen. Lovtolkinga var ikkje legitim, hevda dommar James Boasberg ved ein føderal domstol i Washington sist laurdag. Han gav ordre om at deportasjonen skulle stoggast. Det skjedde ikkje: Det siste flyet tok av etter at ordren var gjeven.
Frå presidenten kom derimot ein annan respons på tysdag: ei rasande utskjelling av Boasberg på plattforma Truth Social. Trump kalla dommaren for ein «venstreradikal galning», ein bråkmakar og agitator, og hevda at han burde stillast for riksrett.
Slik språkbruk frå presidenten er vi vande med. Alt i første presidentperioden sin var Trump ofte i konflikt med domstolane, og æreskjelte mange dommarar, men da bøygde han av kvar gong dommane gjekk mot politikken hans. No ser det ut som presidenten for alvor tek opp kampen mot den tredje statsmakta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.