Politikk
Vil argumentere Noreg inn i EU
Spørsmålet om norsk EU-medlemskap kan ikkje parkerast for ein ny fireårsperiode, seier Høgre-politikar Michael Tetzschner.
Erna Solberg røysta imot, men fekk landsmøtefleirtalet imot seg. No har Høgre programfesta å «jobbe aktivt for et fullverdig medlemskap i EU».
Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix
I helga vedtok landsmøtet i Høgre at partiet framover skal «jobbe aktivt for et fullverdig medlemskap i EU». Michael Tetzschner var ein av pådrivarane for å få inn formuleringa i partiprogrammet.
– Kva inneber det at de vil jobbe aktivt for norsk EU-medlemskap framover?
– Det betyr fyrst og fremst at vi ikkje berre passivt skal vente på at det vedunderlege skal skje, og at nokon skal kome og seier at no må de opne for medlemskapsforhandlingar. Vi må leie opinionen. Det betyr ikkje at vi lagar ein tidsplan no, men det betyr at vi må snakke ope om eigne synspunkt og kvifor vi meiner Noreg er beste tent med fullt medlemskap.
– Og kvifor er Noreg det?
– Det kan ein sjå på Dagsrevyen kvar dag: Verda er i omkalfatring. Og i motsetnad til Danmark, Sverige og Finland, som no har dobbelttilknyting gjennom Nato og fullt EU-medlemskap, står vi med berre EØS-avtale med EU. Vi er medlem av Nato, som er innretta mot militære trugslar, men EU har lenge jobba med den sivile delen av beredskapen, og det er det sivile området som er utsett for hybrid krigføring. Det politiske samarbeidet her står vi utanfor.
– Partiprogrammet dykkar for den noverande fireårsperioden seier også at de vil arbeide for eit norsk medlemskap. Kor store endringar kan veljarane vente seg av at de legg til eit forsterkande ord?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.