JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Å sette tonen på plass

Utan handverk, ingen pianokonsert: Tilfredse øyre krev nøyaktige hender.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5039
20170811
5039
20170811

Kva er definisjonen på skrekkblanda fryd? Kanskje at minstemann i huset har fått det føre seg å lære seg å spele eit instrument? Fryd fordi lærdommen kan gje det vesle mennesket stor glede resten av livet. Og skrekk fordi ein sjølv ikkje berre må høyre på, men aktivt oppmuntre nokre år med repeterande ulyd før talentet eventuelt blømer.

Dette er gjerne ei av årsakene til at mange born framleis byrjar musikkarrieren på piano: Det er ein uendeleg mykje betre idé enn å late dei byrje med blokkfløyte, rett og slett fordi tonen i mykje større grad er ferdig laga – og han er ganske rein.

Aldrande yrkesgruppe

Eller er han no det? Det fyrste eg la merke til då eg las Utdanningsdirektoratets framlegg til ny struktur for yrkesfag i vidaregåande utdanning, var at dei vil fjerne pianostemmarutdanninga. Det andre var at dei gjer det fordi tilbodet i praksis ikkje har eksistert nokon stad på mange år. Det siste vidaregåande tilbodet forsvann frå Bærum i 2010.

Årsaka er ikkje at vi ikkje treng nye pianostemmarar. Snittalderen blant dei 66 som var aktive i 2015, var 62 år. Grunnen er heller ikkje at oppgåva kan settast vekk til ei maskin. For sjølv om dei fleste mobiltelefonar etter kvart kan kjenne att vibrasjonen i ein klokkeklar tone, er ikkje det same som å få nett denne tonen til å verte buande i eit instrument som i månadsvis, gjerne årevis om gongen må klare seg på eiga hand i møte med kalde netter, hardhendte born og forsiktige pianofrøkner. Treverket, strengen, tangenten, handa og øyret må forståast som ein heilskap. Å stemme eit piano er på ingen måte noko ein lærer av seg sjølv, men eit handverk.

Så kunne ein tenke seg at årsaka er at ingen vil verte pianostemmarar. Det kunne ein tenke heilt til Norges Musikkhøyskole i vår opna for søkarar til eit nytt toårig profesjonsstudium i faget. «Fordel med bakgrunn innen musikk og erfaring og / eller utdanning innenfor håndverksfag», stod det i utlysingsteksten. Kor mange slike finst det der ute? Vel, dei fem studieplassane fekk 56 søkarar.

Ein viss etterspurnad

Kan det vere at interessa for handverksyrke er større enn vi får inntrykk av? Noko av årsaka til at studiet kom på plass som eit høgskulestudium, var å heve statusen til yrket. I Noreg har dei tradisjonelle handverka fram til no vore tatt vare på i den vidaregåande skulen, gjennom nasjonale liner for verneverdige handverksfag. Det har gått sånn passe: I dei 42 faga, som inkluderer mellom anna smed, filigransølvsmed, tredreiar og skomakar, vart det i perioden 2007–2014 avlagt kring 190 sveine- eller fagprøver.

Dette er ikkje fagfolk vi treng haugevis av. Like fullt er det kunnskap med ein viss etterspurnad. Ikkje berre i kulturarv, men òg i kvardag, arbeid og fritid: Sjølv om handverket er smalt, er produktet allment. Vi ser verdien av å reparere sko, ta vare på gamle møblar og lære å spele piano på instrument som kling som dei skal. Gamle bygningsteknikkar syner seg å ikkje berre å vere viktige for å ta vare på husa som alt står, men òg som innspel til ei meir miljøvenleg byggenæring.

Denne samanhengen er noko av det dei ser etter på bachelorstudiet Tradisjonelt bygghåndverk og teknisk bygningsvern ved NTNU. Dette er Noregs einaste bachelorstudium for handverkarar, med opptak kvart fjerde år. I det siste opptaket var søkartalet per plass 2,7. I Sverige har Göteborgs Universitet drive Hantverkslaboratoriet sidan 1990-talet. Studiet utdannar handverkarar samtidig som det tek vare på kulturarv og driv akademisk forsking.

Krev samarbeid

Like viktig som tittelen utdanninga har, kan det vere at valet om å verte noko såpass sært og sjølvstendig som møbeltapetserar, pianostemmar eller trebåtbyggar nok er eit val det er lettare å ta om ein har litt meir enn 15 år på baken. Skomakarar kjem ikkje frå eigen lest i 2017, og ein stadig meir teoretisk grunnskule gjer at interessa må vekkast andre stadar. To tredjedelar av dei som tok fag- eller sveineprøve i 2014, var over 25 år.

Skal vi ta vare på noko så fagleg smalt som pianostemmarar, korgmakarar og tradisjonsbåtbyggarar, må alle utdanningane vere tilgjengelege for dei som ynskjer å ta dei. For særleg i ei handverksutdanning må ein passe på at ikkje forma – eller tittelen – tek over for innhaldet. Det viktigaste er at dei som kan tenke seg å verte handverkarar, får høve til å verte det. Difor må små miljø finne kvarandre på tvers av utdanningsnivå.

Små fagmiljø er nemleg sårbare, særleg i kombinasjon med handlingsboren kunnskap: Då dei to sønene til Antonio Stradivari skulle ta over verksemda hans etter han døydde, innsåg dei at dei hadde gløymt å lære trylletriksa faren brukte for å skape den ovundra klangen. Dei prøvde og prøvde, men var sjanselause. Det har all verdas musikkteknologi vore sidan. Ingen har klart å skjøne kvifor fiolinane han bygde, kling som dei gjer.

Siri Helle er journalist og fast
skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kan det vere at

interessa for hand-

verksyrke er større

enn vi får inntrykk av?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis