Litteratur

20. juli 1961

«Sinnsjukdom. Dei kan ikkje hjelpa for det, segjer alkoholisten.»

Olav H. Hauge
May Linn Clement
teikning
dagbøk
Publisert Sist oppdatert

«The Axe-Helve» av Robert Frost. Eg veit ikkje um dette er av dei beste dikti hans, men eit dikt er so godt som det beste som er sagt der, og då so. Til slutt stend øksi der, skjeft: «Erect, but not without its waves, as when. The snake stood up for evil in the Garden.»

Eg har lese mykje vers, men maken til bilete har eg visst ikkje set fyrr, det laut då vera hjå Homer. Han har òg noko um kona til Baptiste i ruggestolen. Anten har Diktonius stole, eg trur ikkje det er Frost. Kidde er forresten inne på biletet i Helten.

Dei største dikti til Frost er «Home-burial», «The Witch of Coös» og «A Servant to Servants», segjer Randall. I «A Servant to Servants» er det ein sinnsjuk som er den talande; han fortel um farbroren, som òg var sinnsjuk; dei hadde han i eit bur i løa. Eit nifst dikt.

Sinnsjukdom. Dei kan ikkje hjelpa for det, segjer alkoholisten. Dermed er dei fritekne for ansvar. Og no er det kome so langt at lækjarane – mange i alle fall – segjer det same. Alkoholistane toler ikkje alkohol. Berre tøv sjølvsagt. Men folk lyt tøyma sine lyster, og setja flaska burt.

Ta so dei sinnsjuke. Same låten her. Dei kan ikkje hjelpa for det at dei vert sjuke. Ja, skal tru dei ikkje kan. No er sinnsjukdom mangt og mangsleis.

Eg kan berre svara for meg sjølv. Eg tvikar ikkje med å segja at eg sjølv har skuldi for sjukdomen, ja, eg er stød på at eg sjølv hadde skuldi fyrste gongen. Det laut enda som det gjorde, so langt var eg komen. Og alle desse nye ridene, eg har valda det sjølv, ver viss. For sinnshelsa og balanse er fine ting, det skal ikkje so mykje til alltid å skipla det spelet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement