Intervju

Kyrkjebyggjaren

ODDA: Saman med to milliardærar frå Laksevåg byggjer entreprenøren og TV-kjendisen Leif Einar Lothe stavkyrkje og bubilcamp i Odda. Vona er at det skal bli eit nasjonalt landemerke.

Leif Einar Lothe - meir kjend som Lothepus - føre stavkyrkja og det vikinginspirerte langhuset som han har sett opp på ein tidlegare avfallsplass. Han veit å posere, Lothen. Straks eit kamera rettast mot han, er glimt og positur på plass.
Publisert Sist oppdatert

Der! Endeleg kjem han ut. I halvannan time har eg trakka rundt på anleggsområdet, der ei 17 meter høg stavkyrkje tronar og knytt til ho eit langhus med restaurantkjøken og hydraulisk scene, vidare ti utleigehytter og servicebygg med leilegheiter i tillegg til oppstillingsplassar for 150 bubilar. 

Eit tjue–tretti-tals handverkarar frå Hardanger og Aust-Europa hamrar, trekkjer kablar, legg røyr, skrur opp lysekroner og skjer skifer, og det luktar tjøre og sagflis. Leif Einar Lothe står føre hovudinngangen med kona Randi, han glimer mot vårsola, dreg hatten ned og fyrer opp ein sigarett.

– Eg trudde du hadde slutta å røykje?

Han tek eit trekk, dreg ned, blæs ut.

– Eg har slutta. Skal vi sitja ute eller inne?

Nei, vi skal vel sitje ute? Det er ein slik smellvakker vårdag, kjølig, rett nok, og kald vind, men klart vi må sitje ute. OK, mumlar han og kryssar over plassen mot ein raud pickup med Lothepus i svarte bokstavar lakkert på sida. Han opnar bildøra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement