Kommentar

Pave Frans

Pave Frans døydde 2. påskedag. 1. påskedag vart han trilla over Petersplassen og fekk enno ein gong vinka og smilt «urbi et orbi» – til byen og til verda.

Pave Frans trøystar eit barn under audiens på Petersplassen i Vatikanet i 2018.
Publisert Sist oppdatert

Pave Frans etterlet seg ei kyrkje i djup krise. Han rydda godt opp i korrupsjonen i Vatikanet, ikkje minst i finansane, han våga å halda skjennepreiker til medarbeidarane sine, særleg til kardinalane, der han mellom anna skulda nokre av dei for å lida av «åndeleg alzheimer».

Han var ein uredd mann, og i presteskapet hadde han kan henda fleire uvener enn vener, ikkje berre i Vatikanet. Den australske og konservative kardinal Pell meinte leiarskapen hans var «ein katastrofe» for Kyrkja – det stod i eit dokument som vart kjend då kardinalen var død.

Men ute i verda var han populær som få pavar før han, ikkje minst utanfor dei indre katolske krinsar. Her utfalda han ein sjarm som dei næraste medarbeidarane hans truleg såg mindre til; han var i røynda den mest autoritære paven sidan Pius 12., som døydde i 1958. Samstundes spela han på lag med tidsånda på ein måte som ingen pave før han hadde gjort, noko som sjølvsagt var til hugnad for medieverda, men ikkje for tradisjonsbundne katolikkar.

Han hadde mildare ord om samkjønna kjærleik enn nokon pave før han og var rund i formuleringane i mangt eit stridsspørsmål. Ja, han fekk ord på seg for å vera «liberal», men kva skal verda med ein «liberal» pave? Som den fyrste pave sa han eintydig nei til dødsstraff. Djupast sett var han utan tvil solid rotfest i tradisjonen.

Han lanserte omgrepet «synodalitet» som eit uttrykk for at alle skulle lyttast til og ha eit ord å seia i styringa av kyrkja, og let ideologisk klarerte lekfolk, menn og kvinner, gamle og unge, ta del i bispesynodar – med røysterett! I ein så hierarkisk institusjon som Den katolske kyrkja fekk dette sjølvsagt ingen dramatiske fylgjer, for synodane er berre «rådgjevande», og paven har sjølv det siste ord i alle saker. Men forvirring vart det på fem kontinent av desse langdryge møta i Roma, som spreidde ordrike dokument som ingen las, og gav råd som ingen fylgde.

Ser ein bort frå dei mange gode smil og varmhjarta bodskap, var pave Frans i mangt og mykje like ideologisk som ein klassisk norsk SV-ar av 1968. Sjølv om foreldra var italienske innvandrarar til Argentina, var han heilt ut latinamerikanar og lite mentalt heimekjend i den vestlege verda, der fråfallet frå trua nok gjekk langt djupare enn under hans eigne himmelstrok. Den som skjøna dette betre enn nokon annan, var pave Benedikt 16., ein av Tysklands fremste intellektuelle i det 20. hundreåret.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement